I ein alder av 82 år går Reidar Holmefjord framleis Fusa på kryss og tvers. Og sprekingen har ingen planar om å gje seg med det første.
I ein alder av 82 år går Reidar Holmefjord framleis Fusa på kryss og tvers. Og sprekingen har ingen planar om å gje seg med det første.

Premiert turgåar på 82

Reidar Holmefjord har gått Fusa på kryss og tvers to år på rad. Gulrota er premiar frå dottera Kari.

Morten Holmefjord

Artikkelen held fram under annonsen.

mortenholmefjord@gmail.com

- Eg måtte ringja og spørja ho kor det vart av desse premiane. Dei lot venta på seg, fortel Reidar Holmefjord.

82-åringen snakkar om dottera og den første gongen han hadde fullført eit heilt "turklippekort" i heimkommunen Fusa.

Dottera, Kari Holmefjord Vervik, i Stavanger gjev nemleg klippekort med Fusa-turar til far sin. Etter fullført oppdrag får han sine fortente premiar. Den eldre sprekingen har også fått premie frå Fusa Turlag - ein kniv.

- Eg prøvde å kvessa han, men han var ikkje av stål, så eg fekk det ikkje til, seier Holmefjord.

Dottera ante at han trong noko ekstra.

- Deretter kom Kari heim med eit heilt berenett med fleire premiar, fortel 82-åringen og ler.

Klogger og sjøstøvlar

Som gamal brislingfiskar var Reidar godt van med å gå turar i fjellet når dei tok helg på land.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Alle byane nordover har ein haug eller topp der dei har ein restaurant eller noko slikt oppå - Molde, Ålesund og plassane oppover der, fortel han.

Også i fjellheimen over Vik eller i Undredal i Sogn brukte Reidar og fiskar-kollegaane å gå på tur. Gjerne om søndagane, etter at mannskapet hadde teke den obligatoriske telefonsamtalen heim til "kjeringane".

På ein tur med turgruppa til Fusa frivilligsentral beklaga Reidar seg over at han sjølv tok så korte steg. Ein turven meinte det ikkje var så rart, for på ein fiskebåt går ein jo helst i klogger eller med sjøstøvlar, og ein tek ikkje lange stega i slikt fotty.

- Eg er glad for at eg brukte fridagen til å gå på tur, seier Holmefjord.

Han er med på alle turane til turgruppa, så sant han ikkje har lovleg fråvær.

- Dette er sosialt og kjekt på alle måtar, seier Reidar.

Då han var på Grand Canaria i vinter gjekk han 25 turar på seks veker. Fiskaren ligg ikkje på latsida verken her eller der, og berre må ha noko å halda på med.

Plastfløyta

Men kva var no eigentleg premien frå dottera di?

Artikkelen held fram under annonsen.

-Det var no plaster, lappesaker og smurning naturlegvis. Kvikk Lunsj-sjokolade og anna turproviant, middag på Handelslaget, guida tur til Preikestolen og så ei forferdeleg plastfløyta. Om eg skulle rulla og bryta bein så skal dei i alle høve klara å finna meg. Då er det berre å gå etter fløytelyden, humrar Holmefjord.

Dagen etter denne praten køyrde 82-åringen til Sævareid og gjekk over fjellet heimatt til Eikelandsfjorden. Dei som vil kan ta same turen, med eller utan klippekort.