23 born frå Os og Fusa er meir enn klare for å visa publikum grøss og gru under måndagens premiere på "Svarte Mathilda". Her frå teatergruppas framsyning på DNS i fjor haust. (Arkivfoto)
23 born frå Os og Fusa er meir enn klare for å visa publikum grøss og gru under måndagens premiere på "Svarte Mathilda". Her frå teatergruppas framsyning på DNS i fjor haust. (Arkivfoto)

Presenterer grøss og gru med «Svarte-Mathilda»

23 born frå Os og Fusa er meir enn klare for å visa publikum grøss og gru under måndagens premiere på «Svarte Mathilda».

Os barne- og ungdomsteater si framsyning «Svarte-Mathilda» er ei dramatisering av boka til forfattar Tor Arve Røssland. Framsyninga blir vist både fyrstkomande og neste måndag. Staden er ungdomshuset på Haugland.

Veronika Flotve Røssland og Frøydis Flotve fortel at elevane i dei to gruppene ved Os barne- og ungdomsteater i år har slått seg saman for å laga ei stor framsyning. Det er 23 born og unge frå Os og Fusa med på scenen. Alle er 6. til 9. klassingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Historia handlar ikkje om korleis Marie hatar leilegheita si, far sin, skulen og mor si. Historia handlar ikkje om ho ein gong. Denne historia byrjar med at Marie døyr.

Når Elisabeth og mor hennar flyttar inn i ein leilegheit som har stått tom i 20 år, tek det ikkje lang tid før Elisabeth ser og høyrer ting ikkje mor hennar kan. Elisabeth byrjar å grava i historia rundt drapet til Marie, med god hjelp av den nye venninna Helene og bibliotekaren Johanne. Er læraren innblanda? Kva er det eigentleg med den gamle spegelen på badet i den nye leilegheiten?

Parallelt med historia om Marie og Elisabeth blir vi tekne med tilbake til Hardanger på 1800-talet, kor vi blir kjende med familien Langetun og den strenge kvinna Alexandra Wilhelmsen. Kva har denne familien med Elisabeth å gjera? Og kven er eigentleg Svarte-Mathilda?

- Ungdomane gler seg til å visa grøss og gru for publikummet frå Os og Fusa, lokkar Veronika Flotve Røssland og Frøydis Flotve.