Glenn Erik Haugland var fullt oppteken med Session Studio E39 då han fekk vita at han mottek 50.000 kroner i stipend for nettopp dette prosjektet.
Glenn Erik Haugland var fullt oppteken med Session Studio E39 då han fekk vita at han mottek 50.000 kroner i stipend for nettopp dette prosjektet.

Prikken over i-en på ei flott Session-samling

Medan Glenn Erik Haugland var oppteken med Session Studio E39 i Os vart han tildelt komponiststipend under eit bransjetreff i Oslo.

Glenn Erik Haugland har fått mykje omtale og skryt for komponist-prosjektet sitt Session Studio E39 i Os. I helga fekk han også økonomiske midlar til å driva prosjektet vidare.

Ei stor ære

Glenn Erik hadde fullt program på Haugland og hadde ikkje høve til å vera med på komponist-bransjetreffet i Oslo denne helga. Dermed gjekk han glipp av heider, skryt og høve til å sjølv ta imot ein sjekk på 50.000 kroner frå Oddvar S. Kvams komponiststipend.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sitt fråvær fekk han komponist-kollega Torstein Aagaard Nilsen til å ta imot stipendet.

- Jaudå, eg skulle sjølvsagt vore der og fått med meg heideren, men eg hadde Session-gjengen og ein av Noregs absolutt største komponistar, Olav Anton Thommassen, på besøk her på Haugland, så då måtte eg nesten vera her, ler Haugland.

- Me hadde helgesamling. Eg korkje kunne eller ville stikka av, humrar Glenn Erik.

Eric Tryland, Norvald Johan Kobbeltvedt, Amund Bramness Vaage, Anne Goro Tronsmo Haugland, Glenn Erik Haugland, Olav Anton Thommessen, Geir Brekke, Grete-Johanne Knudsen, Tonje Hernes, Ragnhild Tronsmo Haugland og Jone Kuven. Aina Hatlevik var ikkje til stades då biletet vart teke. (Privat foto)

Olav Anton Thommessen var mentor for Session-gjengen i helga. Thommessen er professor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole, som Session Studio E39 no har innleia samarbeid med. (Privat foto)
Olav Anton Thommessen var mentor for Session-gjengen i helga. Thommessen er professor i komposisjon ved Norges Musikkhøgskole, som Session Studio E39 no har innleia samarbeid med. (Privat foto)

Han synest det er ei ære å få stipendet.

- Ettersom Oddvar S. Kvams er eit heilt nytt komponiststipend, er det ekstra stort å vera blant mottakarane. Dessutan er 50.000 kroner ein habil sum, som kjem godt med i vår vidare satsing med Session, seier Haugland.

Den andre som fekk komponiststipend denne helga var bergens-dirigenten Haldis Rønning.

Gode ord

Leiar i Musikkfaglig utvalg, Synne Skouen, sa mellom anna dette då stipendet til Glenn Eirik Haugland vart delt ut:

- Når me først skulle finna ein mottakar for Oddvar S. Kvams rause julegåve, peika pila nokså raskt på Glenn Erik. Mykje fordi prosjekta hans ofte handlar om å involvera musikk for og med born og unge, eller med verstingar og naboar - og difor handlar om å byggja bru. Glenn Erik er ein brubyggjar, ikkje åleine, han gjer det ofte med sin kjære, Heidi Tronsmo. I år og neste år heiter Glenn Eriks prosjekt Studio Session E39. Prosjektet handlar om musikk. Om å gje unge menneske tilgang til nytt og gamalt verkty, som skal sette dei i stand til å skapa musikk sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pop-produsent

Glenn Eirik er ikkje i tvil om at stipendet kjem godt med. Han har alt fleire idear til kva det kan gå til.

- Med Sessiong-gjengen har me fleire helgesamlingar i året. Denne helga hadde me det utruleg kjekt og lærerikt med Olav Anton Thommessen som mentor. Til neste samling vil me hyra inn ein pop-produsent. Slike instruktørar kostar. I så måte er dette stipendet svært kjærkome, seier Haugland.