Huset med det rare i: Kva er namnet på huset, kvar ligg det, og kva er historia om det, spør Synnøve Tvedt Øvrebø.

Prøv deg i Os & Fusapostens bygde-bilete-quiz: Ser du kva hus dette er?

Då var det klart for første runde i bygde-bilete-quizen vår. Kjenner du til huset i sentrum av dette snøfylte naturlandskapet?

I samarbeid med Facebook-sidene «Gamle Osøyro» ved Synnøve Tvedt Øvrebø og «Fusa før i tio» ved Viggo Nonås, inviterer Os & Fusaposten denne hausten til bygde-bilete-quiz her på våre sider. Me startar med eit bilete frå Os. Neste veke skal de få bryna dykk på eit bilete frå Fusa-sida.

Her er vekas spørsmål:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Kva er namnet på dette huset og kva er historia bak bygget? Hint kjem dersom dette vert hakket for utforande:)

Svar gjerne i kommentarfeltet til saka på Facebook. Har du nokre minne frå huset, del dei med våre lesarar i same kommentarfeltet.

I digitalarkivet kan du lesa alle avisene våre digitalt heilt frå 1987 og fram til i dag. Ei rein gullgruve av minne for våre abonnentar. Klikk deg inn og søk!

Digitalarkivet: Som abonnent kan du lesa alle avisene digtalt på osogfusa.no - heilt frå 1987 og fram til i dag.
Les også
Då me gjekk til finalen