Lennert Strøm og dei andre i styret for Fusa Samfunnshus kan seia seg godt nøgde med billettsalet for årets romjulsfest.
Lennert Strøm og dei andre i styret for Fusa Samfunnshus kan seia seg godt nøgde med billettsalet for årets romjulsfest.

Romjulsfesten i Fusa utseld

Tradisjonen med å arrangera romjulsfest med lokal revy i Fusa Samfunnshus starta i 1981, og sjølv om interessa har vore litt vekslande dei siste åra, kan Lennart Strøm i år melda om fullt hus og venteliste.

Lennart Strøm, styreleiaren i Fusa Samfunnshus, er smerteleg klar over at den store pågangen til årets romjulsfest, truleg skuldast at julepuben i Eikelandsfjorden Samfunnshus vart avlyst pga. dødsfall. Han er likevel for glad for at det igjen blir fullt hus på den tradisjonelle romjulsfesten i Fusa,

- Billettsalet gjekk ganske trått fram mot jul, og dagen før vetle julaftan hadde me berre selt 35-40 billettar, og det var faktisk stor fare for at me måtta avlysa. På vetle julaftan klarte me å mobilisera med direkte sal av billettar på Fusatun, og klarte på den måten å skapa meir merksemd rundt festen. Det førte til at me greidde å selja rundt 90 billettar, og redda dermed romjulsfesten.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Trur du det var avlysinga av julepuben i Eikelandsosen som påverka billettsalet i romjula?

- Ja, det er trur eg. Me vart varsla om avlysinga tysdag kveld. Alt dagen etter - i løpet av tre timar - selde me dei resterande billettane, fortel han.

Vil halda på tradisjonen

- Me legg ikkje skjul på at det har vore vanskeleg å få folk til å koma på romjulsfesten dei siste åra, I 2015 måtte me droppa festen, fordi me ikkje fekk nok folk til å vera med i revyen, fortel Strøm.

I 2013 prøvde styret å arrangera festen med innleigd underhaldning, men det vart ingen suksess. Dei skjøna då at noko måtte gjerast om dei skulle klara å halda oppe tradisjonen med romjulsfest.

Krefter vart sett i sving, og i år er det igjen duka for ein tradisjonell fest med pinnekjøt og revyen «Vinn eller forsvinn».

Lennart Strøm og dei han har med seg i styret er kjempeglade for at dei igjen kan samla fullt hus i samfunnshuset i romjula, og håpar at det vil gå rette vegen att i åra som kjem.

- Me ynskjer at Fusa skal vera ei trivselsbygd, og då er det viktig med gode tradisjonar som samlar folk i alle aldrar, avsluttar Lennart Strøm.