«Same procedure as every year….»
Vi håpar at konserten vil vekkja både gode minne om tradisjonar, og også skapa glede i mørketida.
På same måte som sketsjen «Grevinna og hovmeisteren» har vorte ein kjær førjulstradisjon for mange av oss, er også adventskonserten med Os Mannskor og Nornekoret blitt det same.
Og no er vi igjen klare for å setja dykk i julestemning. Første søndag i advent, 3. desember, samlast vi i Os kyrkje, og vi gler oss til å presentera både nytt og gamalt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vil, tradisjonen tru, bli avdelingar med både Os Mannskor og Nornekoret, i tillegg til gruppesong, solosong med Anne Dorthe Bjørke Hausberg, for ikkje å gløyma allsong.
Bandet vårt, under kyndig leiing av Knut Vidar Garlid, bidreg med svingande rytmar og vare tonar. Vi håpar at konserten vil vekkja både gode minne om tradisjonar, og også skapa glede i mørketida. Du er hjarteleg velkommen!
Nornekoret
Os Mannskor