Bunadsnurring: Denne øvinga er nok enklare for damene og jentene. Fotografen til venstre har liksom litt mindre å snurra på - sjølv om han også er kledd i bunad. Foto: Torgeir Holme

Send oss ditt beste bunadsnurre-bilete - me premierer vinnaren

Os & Fusaposten mobiliserer for 17. mai og ønskjer tett dialog med lesarane våre. Me har liveblogg og den best foreviga bunadsnurren blir premiert.

I tillegg til å ha ein stor del av staben ute i felten, ønskjer Os & Fusaposten sterkt at lesarane våre bidreg med bilete, stemningsrapportar og helsingar på osogfusa.no. Me vil ha ein eigen liveblogg der me håpar du og dine vil senda oss glimt fortløpande gjennom dagen. Alle som sender inn, er med i trekninga av flotte premiar.

Les også
Bli med på felles 17. mai på osogfusa.no: Me deler di feiring

I tillegg håpar me bunadsglade innbyggjarar vil bidra med å senda oss mange og varierte versjonar av slike bunadsnurrar som ein kan sjå på biletet øvst i saka.

– Tenk motiv og komposisjon

Einaste regel for å vera med, er at éin eller fleire på biletet har bunad - og at ein snurrar. Om fleire vil vera med og snurra med flagg, champagne, frakk, trekkspel, fenalår, trombone eller andre 17. mai-relaterte ting, så er dei hjarteleg velkomne.

Hugs også at tablået, utsnittet, naturen og andre omgjevnader er viktige ingrediensar i eit velkomponert bilete. Men framfor alt: Ver spontane og ha det moro:)

Me premierer det beste bunadsnurrebiletet med eit polaroid-kamera. I tillegg deler me ut fem flaxlodd kvar til dei som står for andre- og tredje beste bidrag.

Dei som vil delta, må senda inn bidraget på post@osogfusa.no, messenger eller telefon 489 95 310 innan klokka 24.00 på nasjonaldagen. Send det gjerne så snart du har knipsa, så kan me få det med i livebloggen vår også.

Alt om 17. mai kan du lesa her.