Både unge og godt vaksne får sitt under konserten i Oseana.
Både unge og godt vaksne får sitt under konserten i Oseana.

Skal dela ut ein million på konsert med Kari Bremnes

Sparebanken Vest inviterer til gratiskonsert og avsløring av vinnarprosjekta i «Hjartebank for Bjørnafjorden».

Sparebanken Vest slår på stortromma når dei neste torsdag inviterer til gratiskonsert i Oseana. Medan det godt vaksne publikummet kan gle seg til smått legendariske Kari Bremnes, får dei unge det bergenske supertaleten Halie, samt Eirik Søfteland og våre lokale Zofia og Frida.

Men, kvelden handlar om meir enn musikalsk underhaldning, og mange spente eldsjeler har nok skaffa seg billett.

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av konserten vert det nemleg annonsert kva lokale prosjekt som får pengar frå Sparebanken Vests Hjartebank-prosjekt.

Sidan tidleg i haust har nemleg banken reklamert for Hjartebank 2018: Sju vestlandsdistrikt, derav Bjørnafjorden med Os, Fusa og Samnanger, vert tildelt kvar sin million frå bankens overskot. Desse pengane kan lokale lag og organisasjonar søka på. Målet er å «finansiera initiativ som gjer lokalmiljøa våre levande, inkluderande og inspirerande.»

anne-marie@osogfusa.no