Bergensartisten Silja Sol vart Spellemann-nominert for sitt debutalbum På Hjertet som kom i 2015.
Bergensartisten Silja Sol vart Spellemann-nominert for sitt debutalbum På Hjertet som kom i 2015.

Sol varmar opp for Aurora

Bergens-stjerneskotet Silja Sol blir support for Aurora under konserten i Osena 27. februar.

Bergensartisten Silja Sol vart Spellemann-nominert for sitt debutalbum På Hjertet som kom i 2015. Same året gjekk ho heilt til finalen i Urørt, spelte på ei rekkje store festivalar som

Øyafestivalen, Slottsfjell og Bergenfest, og var inne på topp-10 på "Årets beste"-listene til Dagbladet, VG, Dagens Næringsliv og Bergensavisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også:Aurora-konserten utseld-set opp ekstra bussar

I januar i år kom Silja Sol ut med andreplata Væremeh. Plata er i same landskapet som debutalbumet.

- Men vi møter ei langt meir sjølvsikker og tydeleg Silja Sol. Ho veit kva ho vil og korleis ho vil ha det. Ho vil "væremeh". Gå litt ut av komfortsona og inn i blindsona, slengja seg på i staden for å venta på ein invitasjon i posten, heiter det i ei pressemelding.

Silja Sol gjer konserten i Oseana solo.