Konkurransen vart for sterk i kveldens program, der Solveig ikkje kom heilt opp med sine småkaker.
Konkurransen vart for sterk i kveldens program, der Solveig ikkje kom heilt opp med sine småkaker.

Solveig tok tredjeplassen

I kveld vart det klart at kakeeventyret er over for Solveig Gangstø. Ho hadde tøff konkurranse og tok ein heiderleg tredjeplass.

Solveig briljerte i tysdagens episode av Kakekrigen, der ho tok det gule forkleet frå den sterke konkurrenten Malin Flink. Solveig var nemleg den som leverte den beste rullekaka i dommaroppgåva, med marengs og pasjonsfrukt à la Lars Lians oppskrift. Konkurrent Lars Morten var den som leverte dårlegast og han rauk dermed ut med ein fjerdeplass.

Deltakarane har slost om å få tak i det gule forkleet denne siste veka i Kakekrigens femte sesong, fordi det kunne føra til ein sikker plass i finalen. Der skal to deltakarar kjempa mot kvarandre om å vinne Kakekrigen og ei reise for to til New York.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det vart ikkje lett i kveldens episode, der dei tre siste deltakarane Trond, Malin og Solveig fekk i oppgåve å freiste dommarane med tre ulike typar småkaker, som skulle passe til eit afternoon-teaparty. Og det innan tidsfristen på 90 minutt.

Deltakerne gjorde alt dei kunne for ein siger, sidan berre to skulle stå igjen til finalen og sesongavslutninga som blir sendt i morgon.

Sjølv om Solveig gav sitt aller beste på oppgåva var det dessverre ho som rauk ut rett før finalen.

Oppgåva i kveld var å laga småkaker til eit teselskap.
Oppgåva i kveld var å laga småkaker til eit teselskap.

Det er likevel inga tvil om at den dyktige kakebakaren frå Fusa kan gå ut av Kakekrigen med heva hovud, som den bakaren som kom på tredeplass denne sesongen. For ein kjem ikkje til finaleveka av Kakekrigen om ein ikkje er god til å baka.

Bakeeventyret på TV er slutt for Solveig, men det har ikkje ein gong starta for framtidige deltakarar. For produsenten av programmet er alt i gang med å sjå etter nye deltakarar til sjette sesong. Dei oppmodar spesielt menn til å søkja. Søknadskjemafinn ein her. Søknadsfristen er 25. april 2016.

Vi har følgd Solveig og fansen under kveldens sending. Følg med i morgon, då kjem videoen.