Johan Helland (f.v), Øystein Moberg, Ragnar Nesheim og Norvald Skåtøy.
Johan Helland (f.v), Øystein Moberg, Ragnar Nesheim og Norvald Skåtøy.

Stor interesse for Gåssand kraftstasjon

15. februar 1913 vedtok heradsstyret å låna 150.000 kroner - seks gonger kommunebudsjettet (!) - for å realisera Gåssand kraftsstasjon. Søndag fekk nær 60 personar høyra den fascinerande historia om kraftstasjonen.

Os Sogelag hadde søndag 28. august omvising i kraftstasjonen på Gåssand, og nær 60 personar møtte. Mange tok også turen langs røyrgata og til dei to dammane i Krokvatnet. Herifrå kom vatnet som dreiv kraftstasjonen. No får største delen av Os drikkevatnet sitt herifrå.

Dei frammøtte viste stor interesse og fekk sakkyndige orienteringar frå tidlegare tilsette ved Os E-verk og Oskraft AS, Norvald Skåtøy, Ragnar Nesheim, Johan Helland og Øystein Moberg. Det vart gitt ei god innføring i korleis ein kraftstasjon fungerte - korleis elektrisk kraft vart produsert - og i prinsippet fungerer i dag, sjølv om den tekniske utrustninga er heilt annleis no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kraftstasjonen på Gåssand var ferdig i 1914. Stasjonen forsynte åleine Os med elektrisk kraft fram til midten av 1920-talet. Seinare vart han samkjørt med BKK og var i full drift til og med 1965. I nokre kalde vintrar på 1970-talet måtte osingane også få kraft frå Gåssand.

Kulturminne i dårleg stand

Dessverre er kraftstasjonen no i dårleg stand. Delar av taket må reparerast snarast. Veggane ser fæle ut med avskalla måling p.g.a. fuktigheit. Turbinane, generatorane og anna utstyr ser ut til å ha klart seg bra.

Mange av dei som var i kraftstasjonen denne søndagen, var nok overraska over at det finst eit slikt anlegg i kommunen. Sidan stasjonen er slik som i 1914, har me her eit heilt spesielt kulturminne som bør takast vare på. Det var mange som sa dette då dei hadde vore inne i stasjonen.

Dessverre er kraftstasjonen no i dårleg stand. Delar av taket må reparerast snarast.
Dessverre er kraftstasjonen no i dårleg stand. Delar av taket må reparerast snarast.

Foredrag om kraftstajonen

30 personar møtte fram i Os folkebibliotek sist laurdag ettermiddag i fineveret for å høyra Øystein Moberg fortelja den fantastiske soga om Gåssand kraftstasjon og handlekraftige menn som fekk gjennomført dette anlegget.

Frå slutten av 1800-talet fekk me ei rivande utvikling av elektrisk kraft. Thomas Edison fann opp glødelampen i 1879.

Osingane vart inspirert av Stend kraftverk som var ferdig i 1912. Fabrikkeigar Svendsen, kjøpte Lundetræfossen i Oselva og tilbaud kommunen rettane slik at det kunne byggjast kraftverk der. Den 28. november 1911 valde heradsstyret ei nemnd for å arbeida med saka. I nemnda var planteskulestyraren på Søfteland Hans M. Skinstad, direktøren for Osbanen, Johan Wilhelm Michelet Heidenreich, og ordførar Hans Eide.

Heidenreich og Eide var stemt for å byggja kraftverk i Lundetræfossen som skulle kunna yta 180 hk. Skinstad meinte dette var for lite, og han fekk med seg to andre, Ole A.O. Haugland og Ole Lundetræ, og desse tre peika på vassdraget frå Krokvatnet til Gåssand. Eit vassfall på 63 meter skulle kunna gje ca. 1000 kw.

Avgjerande vedtak

Etter at heradstyret først i august 1912 hadde gjort vedtak om å kjøpa vassfallet i Lundetræfossen for inntil 10.000 kroner, gjorde heradsstyret nye samrøystes vedtak 14. og 28. desember 1912 om kjøp av vassrettane på Gåssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Lysverkskomitéen» som vart forsterka med to menn, Jakob Halhjem og Ole Lundetræ, fekk fullmakt til å avslutta handelen om vassrettane med grunneigar Peder Gaassand. Kontrakt vart underskriven 17. januar 1913, og 18. januar vedtok heradstyret bygging av kraftverket på Gåssand. Til byggjekomité vart valde Heidenreich, H.M. Skinstad, Ole O.A. Haugland, Ole Lundetræ og Hans Eide.

15. februar 1913 vedtok heradsstyret å låna 150.000 kroner med tilbakebetaling over 40 år. Lånet var seks gonger kommunebudsjettet! Modig kommunestyre!

Anleggsperioden

Først vart det bygd veg frå Gåssand til kraftstasjonen, ca. ein kilometer. Stasjonstomta, den 320 meter lange røyrgata, og begge demningane var ferdige våren 1914. Det var arbeidarar frå Sunnfjord som bygde demningane for 5 kroner per dag. Det var den tids oljeløner.

Sand, sement og anna til dammane måtte kløvjast med hest. Seinare vart det lagt ein skinnegang i røyrgata. Jens Hjelle kom med motor og fekk utstyret lett opp. For å frakta utstyr til Gåssand vart det kjøpt ein motorbåt, «Tordenskjold», av Nicolaisen på Osøyro. Motoren var så lunefull at det var berre Nicolaisen som kunne føra båten. Turbinen på ca. to tonn måtte dei ta på isen frå Storestraumen, men det hasta, våren og isløysing nærma seg.

Turbinen kom med halv fire-toget og vart ført til Gåssand same kvelden. Transporten vart styrt etter eit lys som var hengt opp på Gåssand. Ein vågsam tur.

Generatoren som vog to og eit halvt tonn, vart ført frå Søfteland stasjon på fire skinner langs vegen.

Mykje strevsamt arbeid berre med handemakt!

Dyrt å bruka strykejern

Dørseljarar selde kraft, kr 2,50 per lyspære per år. For strykejern var prisen kr 5.00 per år og med klausul om at strykejernet ikkje måtte brukast etter at det var blitt mørkt. Om kvelden var det lyspærene som skulle ha førsteretten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den 28. november 1914 vart straumen sett på. Då fekk ein elektrisk lys på Søfteland og på Os. Året etter kom elektrisiteten til Halhjem og Lysefjorden.

Øystein Moberg avslutta foredraget med å gje ros til det framsynte kommunestyret og «Lysverkskomitéen» som klarte å få kraftverket bygd på knapt to år - tre år etter at ideen var sådd. Fantastisk effektivitet, sa Moberg.

Noko ein kan læra av i dag!

Olav Søfteland

Os Sogelag