Marie Lund Ask, Erik Torsnes Drotningshaug, Ingrid Lyhammer-Solberg, Angelica Underdal, Torben Lyssand Skaathun og Sindre Tveit Husebø. Framme frå venstre: Celina Kårtveit, Emilie Josefine Hylland, Malena Michelsen og Sannah Midtbø. Ikkje til stades: Othilie Ramsvik Svortevik.

Store førsteklassekull på Nore Neset

For andre år på rad er det tre førsteklassar ved Nore Neset skule. Neste år vert truleg likeins.

- I høvet til talet på elevar kunne me kanskje klart oss med to klassar, men ettersom me skulle ha ein rein bokmålsklasse, måtte me gjera det slik. Dei resterande nynorsk-elevane var for mange til å danna ein enkel klasse, forklarer rektor Børge Lunde, i det han viser oss veg fram til førsteklasse-avdelinga i det nyaste bygget på skulen.

Fleire store kull

- Her har du førsteklassingane sitt mingle-område. Her kan dei gå ut i grupper når dei treng avbrekk frå klasserom-tida, forklarer Lunde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at dei no må me vurdera å bruka mingle-arealet til å byggja nye klasserom.

- Det er bra trøkk med nye elevar her ute. 53 nye førsteklassingar er venta her neste haust, og av erfaring veit me at slike tal aukar når det nærmar seg skulestart, fortel Lunde.

I år er det 51 førsteklasse-elevar ved Nore Neset skule. For andre året på rad er det altså tre klassar på første trinn.

Maia Lund Hjertholm, Andreas Birkeland-Befring, Jonatan Ravnskog Bye, Rishon Robin og Nikolai Berge. Framme frå venstre: Ida Askvik Brattveit, Alexander Haugland, Oskar Fjellberg, Torjus Thorsnes Nybrot og Anneli Østgulen Rondestveit. Ikkje til stades: Thea Døsen Borgen og Annabelle Storum Holm.

Ida Graadal, Sander Hansen Bjoarvik, Emilia Sætre Heggen, Pia Therese Korsvold, Aasta Sofia Favour Storum, Jonathan Tveit Aars og Mathias Iden Næss. Ikkje til stades: June Madeleine Flesland og Eryk Slominski.

- Nore Neset er ein populær plass å busetjae seg, og det er mange nye utbyggingsområde i krinsen, seier rektor.

Blide og lydige

Me tek det kronologisk og helsar først på klasse 1A. Dette er bokmålsklassen, så underteikna kjenner seg heilt komfortbabel med å slå an med klassisk bergensk og ein liten: Hallaien!

Lærar Camilla Førsund har ei heldig hand med denne humørfylte gjengen. Med seg har ho assistent Marianne Fosse.

- Me er komne godt i gang med skuleåret og har fine skuledagar.Gjengen er litt livlig, så utfordringa er mellom anna å læra elevane at me snakkar best ein om gongen, fortel Førsund.

I klasse 1A er dei ni gutar og ni jenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

I naborommet held klasse 1B til. Også her er det likt fordelt mellom kjønna, perfekt for komande klassefestar. Klassen tel 16 elavar - åtte jenter og åtte gutar.

- Kva er kjekkast med å gå på skule?

- Å få eta, seier ei jente som pent har rekt opp handa.

- Å ha matematikk, seier Sannah Midtun.

- Dei verkar å trivast med det meste. Det er i alle høve ein veldig kjekk gjeng å vera i lag med, skryter klassestyrar Kari-Helen Berntsen.

Som eit fotballbilete

Når me kjem til klasse 1C, er fotolocation-plassen ferdig innkøyrd. Dei 17 elevane med ti gutar og sju jenter, rekk dermed å gjera unna foto-shooten før friminuttet kallar.

- Er de klare for å smila rekord-fint no då?

- Jepp, men korleis vil du me skal sitja, undrar Oskar Fjellberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- De kan sitja eller stå, slik de ville gjort på eit lagbilete i fotball. Er det nokon av dykk som har vore med på det?

- Jaa, lyd det bakover i rekkene.

- Jaudå, det er mange fotballspelarar her, repliserer klassestyrar Silje Nora Hindenes.

I lag med assistent Trude Vevatne har ho fine skuledagar med dei 17 førsteklassingane sine.

- Dei er ein fin gjeng, som verkar å trivast godt på skulen, seier klassestyraren.

Tradisjonen tru vil «Os og Fusaposten» også denne hausten vitja samtlege førsteklassingar i Os og i Fusa. Som tidlegare år er målet å ta klassebilete av alle klassane i våre to kommunar innan skulen tek juleferie.