I morgon, sundag, vil Strandvik blandakor halda jubileumskonsert i Strandvik Grendahus.
I morgon, sundag, vil Strandvik blandakor halda jubileumskonsert i Strandvik Grendahus.

Strandvik blandakor feirar 75 år

Strandvik blandakor vart skipa i november 1941. 75-årsjubileet vert feira med konsert i Strandvik Grendahus.

Det var Strandvik ungdomslag ved dåverande formann Ingvald Håvik som kom med ideen. Alle medlemmene då, omlag 20 i talet, var frå Strandvik-bygda. Olav Fure, lærar i Strandvik, var dirigent. Koret si første songframføring var på julefest alt same året.

I 1942 deltok koret for første gong på songarstemne saman med fleire kor. Det var i Sævareid. Året etter var stemnestaden Nordtveidtgrend. Fleire kor kom til etter kvart i desse åra. I Strandvik skifta det litt ei tid, med både blandakor, mannskor og damekor. Våren 1948 var blandakoret blitt ein fast realitet, og har sidan vore det. Første julekonserten som koret hadde i kyrkja, var i 1948.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter ca 25 år fekk koret sine første medlemmer frå andre bygder på Fusahalvøya. Då songlaget Fjelljom i Hålandsdalen måtte slutta som eige kor tidleg på 1990-talet, valde fleire av songarane derfrå å bli med i Strandvik blandakor. I seinare år har blandakoret hatt medlemmer frå Strandvik, Fusa, Eikelandsosen, Holmefjord, Hålandsdalen, Sævareid og Baldersheim.

I 1968 døydde dirigent Olav Fure og Magne Tuft tok over som "mellombels" dirigent. Magne vart verande som "mellombels" dirigent i 39 år - fram til 2007. Same år vart Magne Tuft tildelt Os & Fusaposten sin kulturpris.

I nokre år hadde koret forskjellige dirigentar, men frå 2009 overtok Iman de Zwarte som fast dirigent og han er framleis koret sin dirigent.

Koret har i alle sine år delteke på songarstemne, julekonsertar og ymse andre tilstellingar rundt i bygdene og på Vestlandet forøvrig. I fjor var blandakoret på tur til Edinburgh og me song i den store katedralen St.Giles og på Edinburgh Castle. Neste år har me planar om nok ein utenlandstur - og tek veldig gjerne med oss nye medlemmer på denne turen.

Framtida er sjølvsagt uviss også for eit kor. For tida er me ca. 20 medlemmer. Me kjenner oss nær smertegrensa når det gjeld medlemstal, så det er med spenning me ser framtida i møte. Me er glad i korsong og har lyst å formidla den gleda vidare til andre. Kan henda ville kulturlivet i Fusa også bli fattigare om me må leggja årene inn.

I morgon, sundag, vil me halda jubileumskonsert i Strandvik Grendahus. Me vil framføra songar frå koret sin start og fram til i dag. Me har også anna program, gjestande kor og musikar og ikkje minst ei god kaffistund.

Me ynskjer alle hjarteleg velkomen - sjå annonse annan stad i avisa.

Lars Erik Dalland

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar