Fekk møte: I pausen fekk elevane høve til å helsa på fiolin-virtuosen. Eit naturlig treffpunkt var ved Sonoko-statuen i foajeen i Oseana. Der dukka også kunstnaren Arne Mæland og kunst-velgjerar Christian Rieber opp.

Stumme av beundring då dei fekk helsa på Sonoko som har sin eigen statue i Oseana

I nesten to timar sat vi som trollbundne over alt det vakre vi fekk vera med på.

Onsdag 14. desember køyrde den store turnébussen til Bergen Filharmoniske orkester, populært kalt «Harmonien», opp føre Oseana. Det var eit nydeleg, sprakande vintervêr ute, og folk kom med pels og broddar på.

At det var midt i den hektiske julestria, hindra ikkje osingane frå å få litt kulturelt påfyll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne kvelden skulle solisten Sonoko Miriam Welde vera med og kasta glans over vinterkvelden i Os.

I nesten to timar sat vi som trollbundne over alt det vakre vi fekk vera med på.

Kosa seg: Edward Gardner dirigerte den store flokken sin med stil og verdigheit. Musikarane såg også ut til å kosa seg denne kvelden.

Vi blei tatt med inn i ei eventyrverd. Vi hørte om Hans og Grete i eventyret komponert av Engelbert Humperdinck. Frå Tornerose-historia fekk vi tema som var laga av Peter Tsjaikovsky. Det riktig kilte i den barnslege delen av hjernen.

Sonoko briljerte på fiolinen sin med Max Bruch sin fiolinkonsert nr. 1 i g-moll.

For dei som ikkje er oppdaterte på «Bruch-en sin», kan det opplysast at dette er ei svært krevjande sak å spela.

Bergensjenta utstrålte ro og inderlegheit under framføringa. Det er heilt ufatteleg å kunna så mange tonar utanat.

Edward Gardner dirigerte den store flokken sin med stil og verdigheit. Musikarane såg også ut til å kosa seg denne kvelden.

Frå Bjørnafjorden var ei gruppe med fiolinelevar møtt opp for å la seg inspirera. Dei var stumme av beundring. Elevane som var med, var Ida Sophie, Julie, Martyna, Ylva Synnøve og Hedda Olea.

Artikkelen held fram under annonsen.

I pausen fekk elevane høve til å helsa på Sonoko. Eit naturlig treffpunkt var ved Sonoko-statuen i foajeen i Oseana.

Ikkje før dei hadde stilt opp, kom kunstnaren sjølv gåande forbi. Arne Mæland måtte sjølvsagt forevigast saman med fiolin-gruppa. Og som krona på verket, kom kunst-velgjeraren Christian Rieber også bort og helste på.

For eit lykketreff! Og for ein gjeng!

I lag: Fiolinist Sonoko Miriam Welde i lag med kunstnaren som har laga Sonoko-statuen, Arne Mæland, og gjevar til verket, Christian Rieber.