Ni og ein halv månad gamle Svale er van med å vera i lag med sauane og lamma. Her har mamma Tina sett ho på ryggen til ekstra kjælne Pille.
Ni og ein halv månad gamle Svale er van med å vera i lag med sauane og lamma. Her har mamma Tina sett ho på ryggen til ekstra kjælne Pille.

Svale Bøe og smalebæane

Det er vårens vakraste eventyr og Svale Bøe opplever det på næraste hald i eigen hage.

Kenneth Svenningsen

kenneth.svenningsen@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lammetid på Bøe gård i Os. Til no har dei fått kring 70 lam, og fleire er på veg.

- Me har kring 60 drektige søyer her på garden. I snitt får dei to lam kvar, fortel Tina Bøe Buer.

Ho er odelsjente på garden og har i lag med pappa Nils Brynjulf Bøe eit godt auge med dei nyankomne lamma.

Linselusen Iris snikar seg inn i bilete.
Linselusen Iris snikar seg inn i bilete.
Kvite og svarte lam går sjølvsagt godt i lag på Bøe gard.
Kvite og svarte lam går sjølvsagt godt i lag på Bøe gard.
Nydelig ettermiddagssol over idylliske Bøe gard tysdag.
Nydelig ettermiddagssol over idylliske Bøe gard tysdag.
Tina Bøe Buer er odelsjente på Bøe gård. Ho har kring 60 drektige søyer denne våren. Til no har dei fått kring 70 lam. Her får ho selskap av Sofie og Pille.
Tina Bøe Buer er odelsjente på Bøe gård. Ho har kring 60 drektige søyer denne våren. Til no har dei fått kring 70 lam. Her får ho selskap av Sofie og Pille.
Når utrykket "sauestirr" får ei meir direkte betydning. Iris er framleis rimeleg klar for å koma i «Os og Fusaposten».
Når utrykket "sauestirr" får ei meir direkte betydning. Iris er framleis rimeleg klar for å koma i «Os og Fusaposten».
Ingenting er så trygt og godt som å kosa på ryggen til mor si.
Ingenting er så trygt og godt som å kosa på ryggen til mor si.

Mest glad i lamma

Det er tysdag ettermiddag og beitegraset og resten av åssida ned mot Hatvikvegen badar i sol.

«Os og Fusapostens» svarte får vert møtt av to hundar på tunet, ein leiken og ein noko meir reservert.

I døra til det raude gardshuset står Tina klar med kledeleg "gjetar-hatt" og vesle Svale (Bøe van Lin) i beremeis på ryggen.

- Då er me klara for å sjå på lamma, smiler 30-åringen.

Svale er berre ni og ein halv månad gamal. Likevel har ho alt fått eit nært forhold til alle dyra på gården.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er ute fleire gonger for dagen og helsar på. Spesielt liker ho å helsa på lamma. Sauene er ho ikkje så begeistra for, fortel mama Tina.

Men dottera smiler frå øyre til øyre når mamma løfter ho oppå søyen Pille, som nett har fått tre lam.

Kjælne dyr

- Sauer er svært kjælne og glade i menneske. Du ser no. Me er knapt komne over straumgjerdet, så spring dei oppover mot oss, seier Tina.

Nemnde Pille leier an.

- Ho her er nok den mest tamme av dei alle. Ho er så fortruleg.

Pille gjer ikkje eit einaste forsøk på å koma seg bort når mor Tina set Svale på den svartkrølla ryggen.

Etter kvart kjem lamma hennar etter, men dei er langt meir skvetne av seg.

- Det er mest svarte sauar og svarte lam her. Er det dei sorte får?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Hehe, nei. Det er berre slik no. Nett no har me litt fleire av denne typen.

- Dei kvite og dei svarte går i alle høve godt i lag?

- Ja, det er ikkje noko raseskilje her i garden. Men dei grupperer seg gjerne på andre måtar. Sånn no utover ettermiddagen bruker ein del av søskena å springa i lag på små rundturar, fortel Tina.

Shaun ble igjen

Dei fleste av lamma lever eit relativt kort liv og går med til matproduksjon litt ut på hausten. Nils Brynjar Bøe lagar pinnekjøt til ei rekkje faste kundar kvar haust. I tillegg sel familien Bøe til restaurantar i Bergen.

Sauen Shaun var ein av få lam som sleppte unna slakta i fjor.

- Han var så liten at han fekk vera her litt lenger. Sjå på han. Han er endå ein liten artig pjusk. Han er gardens original, smiler Tina.

- Og årets lam er framleis frie og glade og veit ingenting om livets bråe slutt?

- Dei er lukkelege, og det skal dei få halda fram med å vera. No kosar dei seg her på Bøe, men i juni reiser dei på fjellbeite på Voss. Der kjem dei til å ha det kjempefint fram til slaktetida i oktober, avsluttar Tina.