Talentfull trio i Solbakkestovo

I mars legg Tore Hodneland Trio ut på vestlandsturné. Galleri Solbakkestova er ein av stoppestadane. Her vert det konsert fyrstkomande fredag, med "improvisert, melodiøs musikk kor samspelet er i fokus".

Tore Hodneland Trio er basert i Trondheim, kor dei møttest på jazzlinja ved NTNU. Trioen består av Tore Hodneland - gitar, Julian Haugland - bass og Wilhem Westerman - trommer. Tore (20) kjem frå Tysnes og har budd på Os i delar av oppveksten. Julian (22) kjem frå Evje og Wilhem frå Stockholm.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei har eit variert repertoar med musikk fra Kenneth Sivertsen til Pat Metheny, i tillegg til eigne komposisjonar.