Det nye teltet til Cirkus Arnardo innbyr til betre sikt for publikum. Her frå turnéstopp i Oslo i vår.  (Alle
Det nye teltet til Cirkus Arnardo innbyr til betre sikt for publikum. Her frå turnéstopp i Oslo i vår. (Alle

Til Os med nytt og større telt

Onsdag kjem Cirkus Arnardo til Hegglandsdalen. I sin 68. sesong kjem sirkuset med flett nytt telt.

Cirkusdirektør Arild Arnardo og hans medarbeidarar kan melda om betre tilskodar-fascilitetar i det nye teltet.

- Teltet gjev ein heilt ny og friare publikumsoppleving. Ein ser rett og slett betre kva som skjer i manesjen, seier Arnardo i ein pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er altså den 68. sesongen at det tradisjonsrike norske sirkuset er på vegen. Denne sesongen lokkar dei med underhaldning av fleire prisvinnande artistar.

- Me er alltid stolte av artistane me har med på turné, men eg må jo seia at det er ekstra stas å ha med artistar som har oppnådd å bli lagt merke til internasjonalt og er dekorerte med høge utmerkingar, seier Arild Arnardo.

Norsk linedansar

Ein av av artistane han er ekstra stolt over å presentera er den norske linedansaren, Christer Pettersen.

Den norske linedansaren Christer Pettersen var opptredde første gong for Cirkus Arnardo som niåring.
Den norske linedansaren Christer Pettersen var opptredde første gong for Cirkus Arnardo som niåring.
Sirkusdirektør Arild Arnardo er stolt over årets artistar.
Sirkusdirektør Arild Arnardo er stolt over årets artistar.
Årets klovner er Rampin Clownes.
Årets klovner er Rampin Clownes.

- Christer banka på døra mi som niåring og fekk lov til å prøva seg i forestillinga, men å bli med på turne var han den gong for ung for. I dag er han blitt vaksen og me er glade for å ha Christer med på vegen, seier Arnardo.

Ein annan superartist er Micheal Ferreri. Han lever under mottoet «Det er ikkje kva du gjer, men korleis du gjer det». Temposjongløren har vunne priser for sine opptredener i Monte Carlo og Moulin Rouge i Paris.