Tom Roger Aadland har oversett John Prines klassikarlåt "Speed of the Sound of Loneliness" til norsk - og slepper den neste veke som singel med Tove Bøygard som duettpartnar under tittelen "Farten til lyden av einsemd".
Tom Roger Aadland har oversett John Prines klassikarlåt "Speed of the Sound of Loneliness" til norsk - og slepper den neste veke som singel med Tove Bøygard som duettpartnar under tittelen "Farten til lyden av einsemd". Foto: Sara Andersson / Handout NTB kultur

Tom Roger Aadland går frå Dylan til noregsaktuelle John Prine

Rockepoeten Tom Roger Aadland – kjent for Dylan-tolkingane sine på norsk – har tatt tak i ein annan ikonisk låtskrivar, John Prine.

«Du har brote farten til lyden av einsemd, du har sprungi for langt, du har sprungi for fort», syng Tove Bøygard og Tom Roger Aadland i ein inntrengande duettversjon av John Prines signaturlåt «Speed of the Sound of Loneliness».

Prine har sjølv spela inn songen som duett med Nanci Griffith til albumet hennar «Other Voices, Other Rooms» i 1993, etter at songen først var å høyra på hans eige 1986-album.

Den legendariske amerikanske låtskrivaren og artisten skulle vore å sjå i Oslo Konserthus i august, men måtte utsetja Europa-turneen etter å ha vorte hjarteoperert – og er i staden venta 9. februar neste år.

Dermed rekk Tom Roger Aadland, som har sine slektsrøter på Ådland, og Tove Bøygard å gjera det beste av sin versjon – «Farten til lyden av einsemd». Dialektane deira – hans frå Haugesund, hennar frå Hallingdal – smeltar saman.

Songen vart spela inn med eit seksmannsband nettopp i Oslo Konserthus 8. februar i år, og er første forsmak på Aadlands novemberklare, nye plate «Live i Oslo Konserthus».

Dylan roser Prine

Spranget er ikkje så stort som det verkar. John Prine og Bob Dylan har «ein viss felles grunn», og Prine er ein av dei ytst få låtskrivarar som Dylan roser – mellom anna for «pure Proustian existentialism».

– Forskjellen er at hos John Prine er – etter mi meining – grensa mellom den burleske komedien og det eksistensielle alvoret endå meir uklar og flytande enn hos Dylan, seier Aadland til NTB.

Han peikar på korleis Prine går frå nesten tilsikta nødrim som «you come home straight and you come home curly» til å smelle til med eit veldig mørke og einsemd i refrenget «What in the world has come over you. And what in Heaven’s name have you done».

– Så utfordringa med å gjendikta Prine er å ta vare på både den svarte humoren og det djupe alvoret, seier den norske omsetjaren og tolkaren, som meiner at sjølve arbeidsprosessen likevel ikkje var særleg ulik frå å gjendikte Dylan.

– Eg er ein ganske intuitiv låtskriv – og omsetjar. Eg prøver å gå inn i det landskapet låten ligg i, og så skriv eg ned det eg «ser», avrundar Aadland, som nyleg var rådgivar for Marion Ravn då ho skulle norskdebutera på den nye plata si.