Volt ensemble står for opningskonserten under Oseana Kammerfest neste onsdag. (Pressefoto/montasje)
Volt ensemble står for opningskonserten under Oseana Kammerfest neste onsdag. (Pressefoto/montasje)

Unge, lokale talent inntek kammerfesten

Neste onsdag går startskotet for Oseana Kammerfest. Artistar frå sju forskjellige land og lokale talent inntek scena i Oseana.

- Det er unge Volt ensemble som får æra av å opna festivalen. Internasjonalt er dei i godt selskap, ettersom Oseana Kammerfest vil by på artistar og ensemble frå 7 forskjellige land, fortel Michael Süssmann, leiar i MusicaNord, arrangør av kammerfesten. Festivalen famnar om eit breitt spekter av kunstmusikken både med tanke på instrument og stilkombinasjona, ifølgje Süsmann.

- Det vert mange klassiske perler å høyra gjennom dei fem dagane frå onsdag til søndag, smiler han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Oseana Kammerfest er ein del av prosjektet Hordaland Kunstmusikk, som MusicaNord sette i gang i 2014.

Hordaland fylkeskommune, Norsk kulturråd og Os kommune bidrar økonomisk til festivalen.

Lokale innslag

Unge utøvarar frå Os skal også få visa seg fram under Oseana Kammerfest.

- Under vignetten Unge Talenter torsdag, fredag og laurdag vil vi mellom anna få høyra klarinettisten Kamilla Steinkjer Bentzen og masterstudentar frå talentprogrammet ved Griegakademiet, fortel Süssmann.

Også Os kulturskole deltek i forkant av hovudkonsertane om kvelden. På fredag og laurdag blir det innslag med bl.a. Anne Marie Sunnfjord Gjøn, Valentin Østvig og Irmelin Lemin Lygre. Andre lokale utøvere er Thomas Hjertaker og Hanna Øygard.

Eksotisk konsertmeny

Kvar kveld vert det hovudkonsertar med innleiingskåseri av Eilif Løtveit, kjent frå Troldhaugen.

- Det er ein eksotisk konsertmeny. Opningskonserten byr på ei rekkje perler som er sjeldan kost på Os. Rhapsody in Blue av Gershwin med ein spesiell instrumentkombinasjon på fredagen bør også nemnast, og ikkje minst den knallsterke Brahms trio fra Moskva, lokkar Süssmann.

Alle kveldskonsertene vert i Griegsamlingen på Oseana.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laus snipp og partyfaktor

Fredag og laurdag tilbyr Oseana Kammerfest laus snipp og partyfaktor.

På fredag blir det Operapub der den som har lyst kan få testa sine sangevner. Seint laurdag vert det Kammerjazz.