Christoffer Schelderup er rekna som Stand up Bergens gudfar. Neste laurdag kjem han til Catten i Os.
Christoffer Schelderup er rekna som Stand up Bergens gudfar. Neste laurdag kjem han til Catten i Os.

Unik sjanse til å testa ut Schjelderup-show

Bergens nest største stand-upar testar ut sitt første heilaftans-show på Catten.

Nest etter Dagfinn Lyngbø er Christoffer Schjelderup truleg Bergens mest kjende stand-upar. Fanabuen var i si tid initiativtakaren til Stand up Bergen og jobbar no for Humorkollektivet.

Første heilaftans

Trass i lang fartstid frå scener i Bergen og andre plassar i landet har 40-åringen til no aldri hatt eit heilaftans soloshow. Det står no på trappene, men før han vert slept laus på Ole Bull scene seinare i vinter, vil han testa ut showet for osingane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du, dette var eit tilbod som kom opp, så me berre måtte ta imot. Christoffer er ein særs etterspurd komikar, så å få showet hans på scenen her i Os, blir fenomenalt, seier dagleg leiar på Catten, Bjarte Andersen.

Han trur dei lett kan fylla opp lokalet.

– Stand-upen brukar me å ha i discotek-avdelinga. Der er det plass til bortimot 100 tilskodarar. Det må me klara å få inn, seier han.

– Det er litt av eit scoop at de har fått Schjelderup til Os med rykande fersk framsyning?

– Ja, det er nesten for godt til å vera sant. Me gler oss veldig, og håpar showet blir godt motteke av osingane, seier Andersen.

Tro, håp og ærlighet

Schjelderups første soloframsyning er kalla «Tro, håp og ærlighet»

Ifølgje Humorkollektivet kan publikum her venta seg å høyra Christoffer prata om vitenskapen, menneske som trur, og det å mista trua på seg sjølv.

«Det er rått, ufiltrert og litt for ærlig, slik vi har lært Christoffer å kjenne i over et decennium på scenen. Dette er stand-up slik det skal være. En mann, en mikrofon og over en time med latter», står det å lesa på om framsyninga til bergensaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med seg som support får Schjelderup Ole Soo.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no