For å ha ei meir føreseieleg framtid, ønskjer selskapet bak Osfest at kommunen går med på ein avtale om å støtta festivalen med ein halv million kvart år i åra som kjem.
For å ha ei meir føreseieleg framtid, ønskjer selskapet bak Osfest at kommunen går med på ein avtale om å støtta festivalen med ein halv million kvart år i åra som kjem.

– Vi er avhengige av hjelp frå kommunen

Selskapet bak Osfest ønskjer ein halv million i støtte frå kommunen til årets festival, og ein avtale som sikrar dei det same beløpet i åra som kjem.

– Osfest er ingen festival utan støtte frå sponsorar og kommunen. Vi er avhengige av hjelp frå kommunen for å skapa festivalen, seier primus motor, Tor Egil Hylland.

Stor fordel med fast støtte

Hylland viser til omkringliggjande festivalar som Bergenfest og Tysnesfest, som får årlege stønader frå kommunen. Det har også Osfest gjort, men det ligg ingen fast avtale i botn, og ein veit ikkje kor mykje eller om ein får midlar frå kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer det vanskeleg å planleggja, og framtida blir meir uføreseieleg. Ikkje minst blir det vanskelegare å få støtte frå fylkeskommunen og Norsk kulturråd. Vi har søkt dei kvart år, men då vi ikkje har noko fast avtale med Os kommune, er det vanskelegare å få støtte frå dei, seier Hylland, som også ønskjer å få landa adressa til Osfest.

– I denne bransjen må ein vera god på å planleggja. Det er difor viktig for oss å vita kor vi kan arrangera. Eg vitja formannskapet i fjor, og eg opplever at vi har ein god tone. Det håpar eg at vi kan ha framover også. Eg etterlyser berre ei meir føreseieleg framtid.

Kunne ha booka tidlegare

Hylland fortel vidare at om han hadde visst kor mykje støtte festivalen fekk frå kommunen, og festivalleiinga visste at dei kom greitt ut med sal av førehandsbillettar, så kunne han ha booka artistar over eit år i førevegen.

– Då kunne vi ha lansert artistar for neste års festival dagen etter årets festival, medan festivalgjengarane hadde Osfest og gode opplevingar ferskt i minne. Eg plar laga intensjonsavtalar, men om vi hadde hatt ein meir føreseieleg økonomi, så kunne vi ha booka tidlegare.

Før historias første Osfest, fekk arrangørane 100.000 kroner til oppstart og 200.000 til festivalen. Dei neste fire åra var støtta frå kommunen 200.000, 300.000, 500.000, og 250.000 kroner. I søknaden skriv dei:

– Med tanke på festivalens omfang, storleik, verdiskaping og positive opplevingar, er det ønskjeleg å søkja om eit fast årleg tilskot som vil vera meir føreseieleg for festivalen i framtida. Dette tilskotet ser vi føre oss bør liggja på kring 500.000 kroner per år.

Måtte melda oppbod

Det er Konsert og Festivaldrift AS, som er eit dotterselskap av Os Live, som søkjer om støtte. Osfest AS måtte på slutten av fjoråret melda oppbod.

– Det var utruleg kjipt. Etter festivalen i 2016 låg vi med knekt rygg. Vi fekk forhandla nokre avtalar, men då vi ikkje fekk inn nok kapital til å betala rekningane i fjor, måtte vi ta steget med å melda oppbod. Vi mangla ein halv million. Om vi hadde tent 200-300.000 meir kunne vi kanskje laga nye avtalar. Det var ein fortvilande situasjon, men dei fleste fekk i alle fall brorparten av det dei skulle ha. Det er ingen sure miner, og vi har framleis tillit i marknaden. Det er godt, seier Hylland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Billettsalet aukar

Dei fleste artistane til årets Osfest er lansert. Det er berre eit par som står att. Responsen frå publikum er god, fortel Hylland.

– Vi sel fleire billettar enn tidlegare. I år har vi selt like mange billettar per 1. mars som vi hadde selt per 1. april i fjor. Det er i hovudsak osingar som har kjøpt. Tidlegare har det vore fleire utanfrå som har vore tidleg ute. Det kan tyda på at osingane er blitt meir trente og vane med å gå på festival i heimbygda og at dei planlegg og kjøper tidlegare, for då er det billegare. Det er kjekt å sjå, seier Hylland.

Han trur også at endringa i tidspunkt for festivalen kan spela positivt inn.

– At vi arrangerer litt seinare enn kva vi plar gjera, trur eg også er betre. Då er fleire komne heim frå ferie.

Stemninga er også god blant sponsorar og støttespelarar.

– Stemninga er god hjå næringslivet. Det ser ut som vi ligg på det jamne. Vi skulle gjerne ha fått inn fleire store sponsorar. Vi skal snart ut med eit nyhendebrev til verksemder. Forhåpentlegvis er det fleire som ønskjer å støtta festivalen, seier Hylland.