Aune Sand er full av lovord om osingane og fortel at den einaste staden som kan måla seg med Os med tanke på engasjement og glede, er Notodden.
Aune Sand er full av lovord om osingane og fortel at den einaste staden som kan måla seg med Os med tanke på engasjement og glede, er Notodden.

– Vi tel ikkje pengar, vi tel nye vener

Det siste intervjuet med Aune Sand før kunstnarbrørne forlèt Os, samanfattar det vi har hatt inntrykk av. Dei har verkeleg kosa seg i Os.

I over to veker har dei over 200 kunstverka i pop up-utstillinga til Vebjørn Sand hengt i Oseana. Tvillingbror Aune har vore i Os heile perioden, medan Vebjørn fekk fire dagar i bygda. Dei to har vore høgt og lågt med målekurs for born i Oseana og for eldre på Luranetunet. No har dei reist vidare til Bømlo.

– Eg har lyst til å sirkla litt kring Liereid i Valevåg, som er fødestaden til mormor. Eg har ikkje så stort forhold til staden, då ho flytta til Jæren som ung. Eg vil oppleva menneska og vera del av naturen her, seier Aune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full av lovord

– Korleis har opphaldet i Os vore?

– Det har vore heilt fantastisk. Vi har slått alle rekordar. Det er berre Notodden som kan matcha engasjementet i oppmøte og glede. Vi reknar med at om lag 4-5.000 menneske har vitja utstillinga. Eit heilt overveldande oppmøte, seier Aune.

Kor mykje dei har selt for, tenkjer dei ikkje stort på.

Solgun Laastad fekk eit par bilete levert på døra, og låna dei over natta, slik at ho kunne sjå om ho var nøgde med dei. Aune og sonen Andrey leverte bileta personleg.
Solgun Laastad fekk eit par bilete levert på døra, og låna dei over natta, slik at ho kunne sjå om ho var nøgde med dei. Aune og sonen Andrey leverte bileta personleg.
Vigdis Thunold har vore fan av Vebjørn Sand i lang tid. Sist veke fekk ho helsa på kunstnaren og sikra seg samstundes eit nytt Sand-kunstverk.
Vigdis Thunold har vore fan av Vebjørn Sand i lang tid. Sist veke fekk ho helsa på kunstnaren og sikra seg samstundes eit nytt Sand-kunstverk.
Tove Tvedt Skarstein kjøpte to bilete til butikken Madam Ane. – Vebjørn og Aune har inkludert alle frå born til eldre medan dei har vore i Os. Det har dei nok vunne veldig på, seier ho.
Tove Tvedt Skarstein kjøpte to bilete til butikken Madam Ane. – Vebjørn og Aune har inkludert alle frå born til eldre medan dei har vore i Os. Det har dei nok vunne veldig på, seier ho.

– Når det kjem til økonomi, så tel vi ikkje pengar. Vi tel nye vener. Slik har vi alltid tenkt i vår familie. Alt som kjem inn frå sal av bilete, går med til å turnera og å skapa ny kunst. Vi får ikkje støtte frå staten, seier Aune før han ramsar opp noko av det dei har sett pris på.

– Vi har vakna til havutsikt og snødekte tindar. Det har vore eit eventyr, og vi reiser frå Os og osingane med eit sakn.

– Er det aktuelt med ei ny utstilling i Oseana?

– Når ein kjem til ein stad med ein så enorm positivitet, så er det klart vi ønskjer det. Osingane har ein fantastisk ting, nemleg klasse. Det største ein kunstnar kan oppleva er at publikum viser respekt for bileta og arbeidet som er gjort. Det gjorde så absolutt osingane, seier Aune.

Fekk låna bilete over natta

Det er mange som har fått eit minne for livet etter Sand-besøket. Vebjørn Sand har takka for seg med ei melding på Facebook, og haugevis av osingar har i kommentarfeltet uttrykt glede over å ha hatt kunstnarane på besøk. Fleire har også lagt ut bilete av seg sjølv og kunstnarane. Solgun Laastad fekk til og med Aune og sonen Andrey på besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var interessert i to bilete. Då sa Aune at det ikkje var noko problem at eg kunne få låna dei over natta for å sjå kva eg syntest. Det takka eg ja til, seier Laastad, som enda opp med å kjøpa eit bilete.

– Dei er gode seljarar. Eg tenkjer at grunnen til engasjementet dei har skapt, er at kunsten er vakker, for det første. Dei er også levande menneske, gode formidlarar og så blir ein glad av å vera kring dei, seier Laastad.

Møtt osingar med opne armar

Vigdis Thunold kjøpte også kunst frå Galleri Sand. Ho fekk eit godt inntrykk av Aune og Vebjørn.

– Dei er veldig hyggelege og rause. Vi har alltid hatt kunst av Vebjørn Sand. Han er utruleg dyktig. Dei to er kjende fjes, og det hjelpte nok også at Aune nyleg har vore med på Farmen, seier Thunold om engasjementet dei skapte.

Tove Tvedt Skarstein sikra seg også eit par kunstverk til Madam Ane, og fekk knipsa eit bilete saman med Aune Sand i den anledning.

– Kva trur du er grunnen til at dei skapte eit så stort engasjement i bygda?

– Vi snakka nettopp om det. Eg snakka med dei på Havnechefen i lunsjen. Dei har møtt osingane og bygda med opne armar. Eg trur dei har vunne mykje på å vera folkelege. Dei har inkludert alle osingar frå born til eldre, seier Tvedt Skarstein.

Forrykande start på året

For Oseana blei det ein forrykande start på året.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tydeleg at dei er populære. Dei har funne ei nisje. Dei har ein greie som dei held på med, som er herleg sprø. Det er friske folk. Det er topp å starta året med eit smell, seier Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg.

I hans Oseana-tid, er det berre Pushwagner-utstillinga som kan måla seg med engasjementet Sand-brørne skapte.

– Det var vilt til tider. Skilnaden på Pushwagner og Sand-brørne, er at det denne gangen var jamn straum heile tida. Vi hadde også utvida opningstid desse to vekene. Det har vi førebels ikkje evaluert, men tilsynelatande var det ein stor suksess.

Det var gratis inngang på kunstutstillinga, som det er på alle utstillingar i Oseana.

– Det er mange som ikkje er klare over det, tydelegvis. Ein kan koma og gå så mange gonger ein vil. No gler vi oss til å få opp ei ny Grieg-samling neste helg. Då blir det ny utstilling i hvelvet og i Grieg-samlinga. Alle som har vore innom dei siste vekene er hjarteleg velkomne til å ta turen også då. Det er kjempeviktig for oss at folk er klare over kunsten som ligg her, seier Lindeberg.