Her er Heimkjær Kollkar i både plast- og tinnutgåve.  I midten står Slukhals, og bak sit altså forfattaren Vidar Bratlund-Mæland.
Her er Heimkjær Kollkar i både plast- og tinnutgåve. I midten står Slukhals, og bak sit altså forfattaren Vidar Bratlund-Mæland.

Vidar med ny bok

Figuren Kollkar Heimkjær har tidlegar hatt biroller i forfattar Vidar Bratlund-Mælands julehefter. No er han hovudperson i eiga bok.

Det er fleire år sidan Kollkar Heimkjær gjorde sin entrè i Vidar Bratlund-Mælands vidstrekte fantasi.

– Han kokte og ville ut. Eg hadde rett og slett ikkje noko val, humrar Vidar.

Til dagleg arbeider den allsidige kunstnaren med store bestillingsverk. Kunstprosjekt som gjerne varer i både eitt og to og tre år.

– Når eg held på så lenge med ein ting, er det ein risiko for å møta veggen. Trikset er å skifta beite før det skjer, og innimellom gjera mine eigne greier.

Difor lagar Vidar julehefte om Kald kaffi sauen, spelar julekonsertar med Frode Vidars eller som no, gjev ut bok om Kollkar Heimkjær.

Boka inneheld tre historier og eit vell av akvarellar med tusj og blyant som illustrerer historiene.
Boka inneheld tre historier og eit vell av akvarellar med tusj og blyant som illustrerer historiene.

– Nokre ting berre må gjerast. Eg greier ikkje å stoppa det, seier han.

Ole Brumm

Då Kollkar dukka opp fyrste gong var dei i ei historie med

halsbrekkande action. Men med åra har han vorte ein roleg og fåmælt person.

I Vidars bok er han ein halvgrinete fyr som bur i ein jordkjellar under ein steingard. Han likar å stella i hagen og filosofera over livet.

– Han høyrest litt hobbit-aktig ut?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, kanskje litt. Eg har alltid vore glad i Ole Brumm, så det er nok litt derfrå også. Dei har det til felles at det er historier med svært lite ytre action. Likevel skjer det mykje, meiner Vidar.

For ein kunstnar som Vidar består arbeidsdagen av både åleinetid og dødtid. Då er det greitt å kunne leika og bruka fantasien.

Til dømes veit han at det rundt atelieret på Solbakkestova er både nissar og tunkallar. Dei har vore ein del av familien Bratlund-Mælands univers i alle år.

Bok med moderen

– Far din er skulptør og mor di forfattar. Kjem du til å laga bøker saman med henne, trur du?

– Eg har eigentleg ikkje behov for å bli ein «skikkeleg» forfattar. No gjev eg ut bøker på eige forlag, og då står eg heilt fritt. Kan henda er eg litt for sær til å passa inn hos eit forlag som vil ha sikker inntekt. Men eg har samarbeida litt med moderen, altså. Så kanskje det blir ei bok ein dag. Kven veit, smiler han.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no