Konrad Oppedal og Tony Dang er avgangselavar og får ikkje gleda av skulevisningane til BIFF neste år. Dei håper likevel neste års elevar får gleda av eit tilsvarande arrangement.
Konrad Oppedal og Tony Dang er avgangselavar og får ikkje gleda av skulevisningane til BIFF neste år. Dei håper likevel neste års elevar får gleda av eit tilsvarande arrangement.

Vil ha BIFF også neste år

Konrad Oppedal og Tony Dang var stornøgde etter dagens tre skulefilmvisningar i Oseana. - Vi anbefaler at dei køyrer same opplegg neste år, seier Tony og får støtte av kameraten.

Dei to tredjeklassingane ved Os gymnas har berre skryt å koma med etter at dei har brukt store delar av skuledagen på BIFF sin skulefilmfestival i Oseana.

- Først såg vi «Flukten». Den handlar om båtflyktningar, fortel Konrad. Dei fortel frå filmen, om overfylte båtar som får problem og ein som døyr om bord på grunn av diabetes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konrad skildrar dokumentaren som innsiktsfull.

- Det var interessant å sjå korleis det faktisk føregår, sett frå deira side, ikkje media, seier han.

- Gripande, er ordet Tony trekkjer fram.

Reggisør David Alræk og BIFF-arrangør Astrid Schau Larsen syns møtet med det unge filmpublikummet i OSeana var givande.
Reggisør David Alræk og BIFF-arrangør Astrid Schau Larsen syns møtet med det unge filmpublikummet i OSeana var givande.

- Bra opplegg

510 billettar var bestilt til BIFF sitt skulearrangement i Oseana fredag og salen var fullsett.

Dei andre filmane som ungdommane frå dei vidaregåande skulane i Os og Fusa fekk sjå var «Barneraneren» og «Til månen med bestefar».

Alle tre filmane har gjort inntrykk på Konrad og Tony.

Dokumentaren om regissør David Alræk og hans demente bestefar som midt i ein vanskeleg situasjon skaper nye eventyr og minne har gitt dei litt å tenkja på.

- Det er lett for dei gamle å mista livsgneisten når dei kjem på "gamleheim", seier Tony.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av det største med filmen opplevde dei mot slutten når Alræk og bestefar Kaare reiser nordover og har ein fantastisk tur, som bestefaren slett ikkje hugsar neste gang dei møtest.

- Då konkluderte han med at det viktigaste var korleis bestefaren hadde det i augneblinken og ikkje å hugsa alt, fortel Konrad.

Skulen bruker filmvisningane i undervisninga og gutane synest dei har fått sett tre lærerike dokumentarar.

- Det var eit bra opplegg, seier Konrad.

Sa dei kjende seg igjen

BIFF-arrangør Astrid Schau-Larsen og regissør av «Til månen med bestefar», David Alræk, er glade for tilbakemeldingane frå dei to tredjeklassingane.

- Det er hyggeleg å høyra, er Alræk sin kommentar til at filmen hans tydeleg gjorde inntrykk på dei unge.

Filmen har hatt verdspremiere under BIFF og Alræk var sjølv tilstades under dagens visning. Etter filmen svara han på spørsmål frå salen.

Fleire elevar kom bort etter visninga og sa dei kjende seg igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er ein fantastisk artig måte å visa film på, seier han.

- Vanlegvis møter ikkje vi filmskaparar vårt publikum, men det er fint å få direkte kontakt og respons!

Fekk møta barneranaren

Det overordna temaet for visningane var "reiser og røter" og Schau-Larsen kan fortelja at dei har hatt stappfull sal heile dagen.

- Det virkar som dei har vorte interesserte og engasjerte seier ho.

Alræk var ikkje åleine om å møta publikum i dag. BIFF stilte med representantar for alle filmane. Mellom anna var ein var dei unge barneranarane tilstades.

- Dette gir ekstra djupne til opplevinga, meiner Schau-Larsen.

Ho held med Konrad og Tony som oppmodar til å halda fram med arrangementet.

- I dag var det ein historisk dag og første gong BIFF vitjar Os, men vi håper å få dette til neste år også, avsluttar ho.