Dei godt vaksne kulturarbeidarane frå Fusa og Os vil sjølv halda seg i bakgrunnen når dei overlet dei kreative spakane til ungdommen.
Dei godt vaksne kulturarbeidarane frå Fusa og Os vil sjølv halda seg i bakgrunnen når dei overlet dei kreative spakane til ungdommen.

Vil ha kreativ ungdom bak rattet

Ungdommar i Os og Fusa blir inviterte til å sleppa kreativiteten laus og tre inn i rolla som arrangørar av tre lokale kultursatsingar.

I løpet av 2017 finn tre kulturarrangement stad i bygda med det til felles at dei ønskjer tenåringar inn i rolla som arrangørar. Os og Fusaposten har alt skrive om eitt av dei - Glenn Erik Haugland og Studio O sitt prosjekt Nattspill. Det skal bli eit skodespel der ungdom i alderen 16-30 skriv, komponerer, produserer og set opp heilt sjølv. Det skal framførast i oktober, men alt no er prosessen med å finna ungdom som vil vera med i gang.

- Me har alt fått nokre flink ungdom med oss, men det er framleis plass til fleire, seier Glenn Erik Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå UKM til Bergenfest

Det andre finn stad i februar, og er den tradisjonelle UKM. Forkortinga står ikkje lenger for Ungdommens Kulturmønstring, men for Ung Kultur Møtest. Ein ny trend er også her at ungdommen sjølve skal få prøva seg bak scena.

- I fjor var det fire av tenåringane som var med i prosjektet Ung Arrangør i UKM, fortel Agnes Smørholm frå Fusa kommune.

Kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh, fortel at fleire av dei tenåringane han har sett i arrangørrolla på fylkesmønstringa seinare har blitt å sjå back stage på Bergenfest og andre festivalar.

- Det gjev ein kunnskap som blir nyttig seinare i livet for dei som ønskjer å gå i den retninga, seier han.

Sjølv ønskjer han å ta ei meir tilbaketrekt rolle.

- Det geniale er jo at eg ikkje treng å gjera noko - ungdommen fiksar alt! Dei set premissane, og då blir det også meir nyskapande, seier han.

Mystisk masterplan i mai

Det tredje er eit prosjekt Oseana planlegg i mai. Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg let mystikken dvela litt kring kva det skal bli, men kan seia såpass at det dreier seg om ein mini-festival i mai, der hovudpoenget er produksjonen. Og den skal altså ungdom få stå for.

- Det blir ein prosess fram mot sjølve dagen - 20. mai - der ungdommane skal få prøva seg på alt frå marknadsføring til scenerigging og backstage-jobbing. Dei skal få vera med å forma kva dette skal vera, så eg vil ikkje leggja strenge føringar. Men i utgangspunktet har me sett for oss ein produksjon med ei blanding av lokale band og band som Kick Start Management (ved Jørgen Bertelsen) vel ut, seier Lindeberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdom i alderen 13 - 18 blir invitert å vera med, og ein del av dei same blir truleg å sjå bak spakane i UKM, og kanskje også i Hauglands Nattspill.

Motivasjonen bak

Dei fire kulturarbeidarane fortel at noko av motivasjonen bak er å gje eit tilbod til ungdom som kanskje elles står utan.

- Det er ikkje alle som likar handball eller går i korps. Dette er nye tilbod på kultursida som fangar opp fleire, seier Haugland.

- Noko av bodskapen min er at dette blir eit godt år å vera ung i Os og Fusa. Her er det mykje på kulturfronten å engasjera seg i. Ved å sleppa dei unge til, trur eg me får mykje kultur tilbake, seier Grønvigh.

Lindeberg seier at det er ein del av Oseana sitt mandat å vera med å byggja opp ungt kulturliv.

- Dette er ei litt vanskeleg gruppe å nå, og me har eit mål om å kunna tilby noko også for denne gruppa, seier han.

Haugland legg til at det er vanskeleg å veksa opp som ung i dag.

- Det blir stilt store krav til dei. Dei skal vera veldig flinke heile tida. Det er eit prestasjonspress og eit jag som lett gjer at nokon fell utanfor. I ein slik setting er det fint å kunna tilby noko anna - eit tilbod om å uttrykka seg og utvikla seg gjennom andre kanalar, seier Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at han har fått høyra om ungdom som har vore med på prosjekt som HavFest som seinare har gjort det betre også på skulen.

- Det å få vera med på å meistra noko, skaper ein positiv spiraleffekt, seier han.