Benjamins store draum er å laga film om mora, Patricia Langelands, dramatiske livshistorie. (Arkiv
Benjamins store draum er å laga film om mora, Patricia Langelands, dramatiske livshistorie. (Arkiv

Vil laga film om mamma

Filmfotograf Benjamin Langelands (25) store draum er å laga film om mamma: Danselærar og flyktning frå Chile, Patricia Langeland.

Anne Marie Aarøen Vangsnes

anne-marie@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Benjamin Langeland hadde aldri noko val. Han måtte bli filmfotograf. Med ei mor innan dans og teater, og ein far som er fotograf, valde han eit yrke midt i mellom.

- Eg gjer den eine tingen eg føler at eg får til, smiler han og fortel om den spede byrjinga då han sprang rundt med eit filmkamera i skogen heime i Os. Eller var flittig deltakar på Os filmfestival med Frode Sirevåg og Vidar Bratlund-Mæland.

- Det har betydd mykje for meg. Eg hadde nok ikkje begynt med film utan filmfestivalen.

Benjamin Langeland saman med Marcus (t.v.) som er hovudpersonen i TV 2-dokumentaren Motgangssupportaren.
Benjamin Langeland saman med Marcus (t.v.) som er hovudpersonen i TV 2-dokumentaren Motgangssupportaren.
Benjamin Langeland ( i midten) under ei tidlegare videoinnspeling med sambygding Aurora Aksnes.
Benjamin Langeland ( i midten) under ei tidlegare videoinnspeling med sambygding Aurora Aksnes.

TV-debut

I dag er 25-åringen frå Os fast tilsett i Flimmer Film. Nyleg kunne du sjå TV-debuten hans «Motgangssupporteren» på TV 2.

Her følgjer han fotballag og supporterar i nedrykket frå eliteserien til andre divisjon.

- Eg har aldri vore spesielt interessert i fotball, men eg er svært oppteken av menneske. Og djupast sett er det det filmen handlar om.

- Ein filmskapar som er så interessert i menneske, kjenner seg kanskje aller mest heime i dokumentarsjangeren?

- Tja, både dokumentar og fiksjon kan jo handla om menneske. Men eg er blitt litt varm i trøya på det med å fortelja ekte historier.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var Benjamin i Kabul og gjorde opptak til serien Asylbarn på vg.tv.

- Det var ein fin kontrast å gå frå å laga film om noko verkeleg viktig, til å laga film om det viktigaste av det uviktige. Nemleg fotball, seier han.

- Alt handlar om å fortelja dei historiene som er viktige for folk.

Mamma Patricia

Når det gjeld kva historie som er viktigast for han personleg, er det ingen tvil.

- Ein dag skal eg laga film om mamma. Ho har ei utruleg historie som eg har kjent på kroppen sidan eg vart fødd, seier han.

- Er det viktig for henne at det er nettopp du som lagar den filmen?

- Ja, er du gal. Viss nokon skal laga film, skal det vera eg som gjer det. Men det får bli nokre år til enno, ler han.

Den komande tida har Benjamin tenkt å roa litt ned og laga reklamefilm og musikkvideoar. Slikt gjev pengar i kassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Butikken skal trass alt gå rundt også, ler han.

- Men eg byrjar nok på større og meir ambisiøse prosjekt igjen snart, seier han.