6. klasse frå Nore Neset saman med nokre av dei som er med i framsyninga Julens Magi.
6. klasse frå Nore Neset saman med nokre av dei som er med i framsyninga Julens Magi.

Vitja klasseveninna på generalprøve

Heile klassen til Helle Svenningsen reiste fredag til Cornerteateret for å sjå klassevenninna i generalprøven til juleframsyninga Julens Magi.

Søstrene Helle (11) og Pernille Svenningsen (13) har begge landa ei rolle i framsyninga etter fleire rundar med auditions. Dei 26 elevane frå Nore Neset reiste saman med lærar Kari Kvæven Berg-Olsen og ein lærling for å sjå teaterstykket.

– Det var mor til Helle, Ann Kristin, som fiksa oss gratisbillettar. Eg snakka med rektor, og han var velvillig og grei, og skaffa oss bussbillettar, seier Berg-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stolt over eleven

I salen sat dei saman med andre skular og barnehagar. Norenesingane synest det var kjekt å sjå klasseveninnen.

– Det var eit utruleg flott stykke. Eg kan verkeleg anbefala det. Vi fekk skikkeleg julestemning, seier Berg-Olsen.

Etter framsyninga reiste dei heim, men Helle måtte bli att.

Helle og Pernille Svenningsen landa roller i stykket etter fleire runder med auditions, og går ein travel jul i møte med tolv oppsatte framsyninger.
Helle og Pernille Svenningsen landa roller i stykket etter fleire runder med auditions, og går ein travel jul i møte med tolv oppsatte framsyninger.

– Eg er stolt over eleven min. Det er klassekameratane også. Helle har øvd og øvd. Skulen har tilrettelagt ved at ho har fått litt leksefri. Det blir ei travel jul, med mange framsyningar, seier Berg-Olsen.

Første framsyning er i kveld klokka 18.00. Etter det går det slag i slag fram til 28. desember. Totalt er det sett opp tolv framsyningar, men det er snakk om å setja opp eit par til.

Om Julens Magi:

Julens Magi er ein nyskriven, norsk musikal.

Skumringsheksen held på å øydeleggja jula for alle med sine vonde magiske krefter. Julenissen er overbevist om at dei einaste som kan lura Skumringsheksen og få jula tilbake er dei to borna Mille og Jenny.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mille og Jenny legg ut på ei reise gjennom mange verder der dei treffer på eventyrlege skapningar.