8 av 12 forfattarar i Osingen 2022: Framme frå venstre - Jo Rune Ugulen Kristiansen, Eli Liv Saltnes Søvik, Vigdis Thunold, Mari Lyssand og Øyvind Tøsdal. Bak frå venstre - Mette Samdal, Geirmund Dyrdal og Kjell Harald Lunde. Dei informerte torsdag om kvar sine artiklar i årets utgåve.

14 artiklar i årets Osingen: Desse åtte fortalde torsdag om sine bidrag til årets utgåve

Osingen 2022 vart presentert for medlemene i Os Sogelag i Oseana torsdag.

Tekst: Odd Tøsdal

Osingen kom ut første gong i 1985 som eit årsskrift utgjeve av Os Mållag. Mållaget gav ut 28 årgangar av Osingen fram til og med 2012.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Sogelag vart skipa i 2016 og fekk lov av mållaget å ta opp att tradisjonen med å gje ut Osingen årleg, noko sogelaget starta med alt i skipingsåret 2016.

Utgjevinga i år er såleis den sjuande årgangen Os Sogelag står for.

Format og sidetal er auka litt frå i fjor. Boka har 16 sider meir, totalt 176 sider som er rikt illustrerte med over 150 bilete både i svart/kvitt og fargar.

Skriftnemnda for Osingen 2022 har vore Anne-Margrethe Matre Hjemdal, Jostein Hausberg, Jo Rune Ugulen Kristiansen, Tove Nøss-Håvardstun og underteikna Odd Tøsdal.

Frå september har vi også fått med Ann Midtbø og Geirmund Dyrdal i skriftnemnda. Dei to nye har alt medverka med korrekturlesing.

Kassadagboka: Mari Lyssand fortel om kassadagboka frå M. K. Olsen og kva ho fortel.

Vi har også i år fått inn variert og interessant stoff og har totalt 14 artiklar.

I år ville styret i sogelaget la kvar forfattar kort presentera sin artikkel på boksleppet for Osingen i Oseana torsdag. Takk til alle dei 12 som har vore forfattarane våre i år. Åtte av dei hadde høve til å stilla torsdag. Takk også til alle dei 21 stabile annonsørane våre.

Eg vil også takka reklamebyrået Loops som også i år har fått oppdraget med å designa og trykkja Osingen, med ei særleg takk til May-Linn Vågen på Loops. Takk til alle andre som også har hjelpt med korrekturlesing. Ingen nemnt, ingen gløymt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sist og ikkje minst: Takk for godt samarbeid også i år til skriftnemnda og styret i Os Sogelag.

Alt arbeid frå styre, skriftnemnd og forfattarar er uløna. Det er frivillig, men kjekt arbeid.

Dette er dei 12 forfattarane i år: Geirmund Dyrdal, Eli Liv Søvik Saltnes, Kjell Harald Lunde, Øyvind Tøsdal, Jo Rune Ugulen Kristiansen, Mari Lyssand, Jostein Hausberg, Tove Nøss-Håvardstun, Anne Karin Lepsøy, Vigdis Thunold, Mette Samdal og Midtsiden ved Kjetil Vasby Bruarøy.

Boka er trykt i 800 eksemplar.