Bygd: Eg håper kommunen følgjer med i det nasjonale arkitekturopprøret og lar bygda vår vera bygd.

Å kalla seg ein JA-kommune vert ein vits når kommunen samstundes trampar på innbyggjarane

Kva er mantra? Er det berre ein utbyggjar-ja-kommune? Då vert det nei til så mange, mange fleire.

I Mobergshaugane og Kolabakkane er vi med rette svært bekymra. No lever vi alle med den mara det er å få eit hotell, ein skyskrapar, mellom oss og fjord, fjell og fonn.

I ei lita bygd som geografisk sett aldri kan bli noko anna enn ei bygd, er ein koloss med høgde på 38 moh, som skyskrapar å rekna. Det er fire meter høgare enn huset som ligg på høgda nærast hotellet. Eg håper kommunen følgjer med i det nasjonale arkitekturopprøret og lar bygda vår vera bygd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Val av hotell-aktør er like rundt hjørnet

Utdrag frå Nytt Norsk Tidsskrift (05.12.2019)

«I dag ser det ut til at bygningsindustrien har mistet stedets betydning av synet; forståelsen for stedets konkrete og sansbare kvaliteter har langt på vei gått tapt.» Og vidare står det: «Hvordan er det mulig å bøte på den tapte stedsforståelsen i utdanningen av arkitekter og i samfunnet generelt?».

Nye bygg kan ikkje byggjast i utakt med miljøet dei skal vera ein del av. Slike eksempel har vi sett nok av og må ta lærdom av det.

Truda Lunde