Det er viktig å slå fast: Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) skal ikkje byggjast ned.

DEBATT

Å ta ansvar for framtida – del 2

Ti år – og kvifor det betyr noko.

Det er i desse dagar ti år sidan kommunestyra i Os og Fusa vedtok å slå saman dei to kommunane. I grunnlagsdokumenta kom det fram at Fusa kommune allereie då hadde generelle rekrutteringsutfordringar i alle delar av organisasjonen.

Ser me på utviklinga i folketalet i det som tidlegare utgjorde Fusa kommune, ser me store endringar: I dei ti åra som har gått er talet på innbyggjarar i alderen 20-66 år heilt uendra, medan aldersgruppa under 20 har gått ned med 200 og aldersgruppa 67 og opp har auka med vel 200.

I tida frå vedtak om samanslåing til gjennomføring i 2020, hadde Fusa kommune  nær dobla gjelda si. På samanslåingstidspunktet var disposisjonsfonda tomme, og i det siste driftsåret hadde kommunen eit negativt driftsresultat på 8,5 %.

Ikkje eit resultat av samanslåinga

Me veit vidare at rentene har tre-dobla seg sidan 2020, og kostnadsveksten elles i kommunane har vore svært mykje høgare enn inntektsveksten. Desse tala fortel noko viktig: Endringane me no gjennomfører, er ikkje eit resultat av samanslåinga – dei er eit resultat av dei same kreftene som heile landet står overfor.

Dersom Fusa framleis hadde vore eigen kommune, hadde han måtta handtera alle desse endringane på eiga hand, men på eit svært skjørt økonomisk grunnlag. Av den grunn opplever eg det som urettvist når endringar i dag vert skulda på kommunesamanslåinga.

To kommunestyre gjorde vedtak om samanslåing fordi dei såg at fordelane ville vera større enn ulempene. Det nyt me godt av i dag. Saman kan me løysa dagens og morgondagens utfordringar som éin kommune, ikkje to.

Eitt av måla for samanslåinga var eit prinsipp om at tenestetilbod og kompetanse måtte organiserast for framtidige behov. Riksrevisoren la nyleg fram ein rapport om at norske kommunar generelt er for lite førebudde på framtida. Det understrekar kor viktig det er å handla no.

I min førre kronikk gjorde eg greie for endringane som er vedtekne innan institusjonstenestene i Bjørnafjorden. Desse endringane skal skje gradvis og over ein toårsperiode. Det er avgjerande for meg at både innbyggjarar og tilsette blir høyrde undervegs i gjennomføringa.

Me skal framleis vera tydelege, tilgjengelege og lyttande i det vidare arbeidet og vil invitera til opne møte til hausten.

I ordskiftet er det også dukka opp påstandar om at enkelte avdelingar er «oppbevaringsplassar». Ulike fagmiljø vert rangerte som meir kompetente enn andre. Eg vert oppriktig lei meg på vegner av tilsette og pasientar av slike ytringar.

Eg deler ikkje dei synspunkta og vil framheva den gode kompetansen til alle tilsette, og den viktige jobben dei gjer for pasientar og brukarar kvar einaste dag.

FBBS har ei viktig framtid i Bjørnafjorden

Det er viktig å slå fast: Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) skal ikkje byggjast ned. Talet på pasientar vil vera om lag det same som i dag. Det som endrar seg, er korleis pasientgruppene vert organiserte og kva funksjon kvar avdeling får i heilskapen.

Målet er at både FBBS og Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) skal vera sterke og med tydelege roller i ein samla struktur.

Det er reist spørsmål om korttid og behandling og rehabilitering i staden kan samlast på FBBS. Dette alternativet er grundig vurdert, og vurderingane viser at ei slik løysing ville skapt betydelege utfordringar: Bygget har ikkje plass, behovet for tilgjenge til lege og spesialisert kompetanse er for stort, og bemanninga ville vorte meir sårbar – særleg på kveld, natt og helg. Eininga har dessutan hatt mangel på personale i mange år.

Trass at det er gjort tiltak for rekruttering, er det ved FBBS i dag tre ledige 100% stillingar og 10 ledige helgestillingar. I tillegg er det behov for å lysa ut to nye sjukepleiarstillingar i nær framtid. Fire tilsette er over 64 år og 10 tilsette er i aldersgruppa 55-64 år.

ØHD: Eit planlagt tilbod – ikkje ei akuttvakt

Det har vore uro knytt til flyttinga av ØHD-senga frå FBBS til LBBS.

ØHD står for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald. Namnet kan gje inntrykk av at dette er ein del av den akutte beredskapen. Det er det ikkje. Den akutte beredskapen ligg i legevakt, ambulanseteneste og sjukehus – og det endrar seg ikkje ved at ØHD-senga blir flytta. Det er uvanleg at ein kommune har ØHD-seng på fleire lokasjonar, men ikkje uvanleg at fleire kommunar samarbeider om tenesta.

Ei ØHD-seng er for pasientar der lege allereie har gjort ei vurdering, stilt ein diagnose og lagt ein plan for behandling. Innskrivingskriteria krev nettopp dette: Det skal liggja ei legevurdering til grunn, og pasienten skal ha ein kjend tilstand som kan handterast trygt utanfor sjukehus.

Typiske døme er eldre pasientar med infeksjonar, dehydrering eller forverring av ein kronisk sjukdom – tilstandar der sjukehusinnlegging ikkje er medisinsk nødvendig, men der pasienten treng meir oppfølging enn heimetenesta åleine kan gje.

I mai var beleggsprosenten på ØHD sengene ved LBBS 56% og ved FBBS 25%.

Samlokalisering av ØHD-sengene handlar om å samla kompetanse, styrkja kvaliteten i oppfølginga og gi pasientane eit meir robust tilbod. Med tre senger samla på éin stad får ein eit meir robust fagmiljø: Det vert enklare å bemanna forsvarleg heile døgnet, og ein unngår sårbarheita som oppstår når éi enkelt seng skal driftast åleine. Det er ei styrking av ØHD-tilbodet, ikkje ei svekking.

Det betyr at dersom du eller nokon i familien din ein dag treng ein ØHD-plass – etter at lege har vurdert deg og funne at du ikkje treng sjukehus, men treng meir enn heimetenesta kan gje – vil du få eit tilbod som er betre bemanna og fagleg sterkare enn før. Og dersom noko akutt skjer, er legevakt, fastlege og nødetatane uendra.

Beredskapen i kommunen er ikkje svekt – ho er den same.

Me vel å vera førebudde

Endringane me no gjer, handlar ikkje om å svekka tilbod – men om å sikra at me også i framtida kan gi gode og trygge tenester. Me veit at fleire vil trenga hjelp, at færre vil vera tilgjengelege til å gi ho, og at krava til kompetanse vil auka. Då må me organisera oss deretter.

Valet handlar til sjuande og sist om å utvikla tenestene slik at dei også i åra som kjem er trygge, tilgjengelege og fagleg gode – for alle innbyggjarane i Bjørnafjorden.

Bjørnafjorden vart til fordi framsynte folkevalde såg at me kjem lengre saman. Det prinsippet gjeld like mykje i dag.

Arild McClellan Steine

Kommunedirektør


Powered by Labrador CMS