DEBATT
Å ta ansvar for framtida - saman. Svar til kommunedirektøren
Ja, me bryr oss!
Svar og spørsmål til kronikk 03.06.2026 på Midtsiden og i Os & Fusaposten.
Eg synes kronikken til kommunedirektør Arild McClellan Steine er god og forklarande om kva som skjer i helse- og omsorgstenestene i Bjørnafjorden kommune. Dette er viktig å melda ut til innbyggarane for at flest mogleg skal forstå kvifor vi er i press og kva tiltak ein vel å setja inn for å få ei berekraftig utvikling av tenestene i kommunen, og eg synest det er mykje godt arbeid som er og blir gjort.
Når det er sagt, saknar eg litt meir tankar om korleis vi kan arbeida for ei berekraftig utvikling av heile kommunen og korleis vi kan ivareta lokalsamfunnet på ein berekraftig måte.
Eg forstår at vi må ta ned tenester pga. dårleg økonomi at vi går mot tider då det blir endå vanskelegare å rekruttera fagleg kompetanse til tenestene våre. Eg ser òg at det er viktig å samla fagkompetanse og nytta denne på best mogleg måte.
Eg er einig i at «Me må sørgja for at heile tenesta på tvers av geografi, nivå og behov fungerer godt, også i framtida», men betyr det at vi skal leggja ned delar av kommunen og sentralisera mest mogleg til Osøyro og områda rundt?
Av og til treng vi dei rette satsingane (førebygging) for å prøva å snu ei negativ utvikling. «Me må utvikla tenestene slik at dei treffer betre og brukar ressursane klokare»
Kan det gjerast med til dømes å utvikla og lokalisere enkelte tenester på Fusa- sida?
Å utvikla - ikkje avvikla
Eg meiner at vi kan svara ut kommunedirektøren sine mål om «Rett tilbod til rett pasient-i praksis» med alle dei positive effektane som han nemner for pasientar og tilsette ved å samla og organisera tilbodet om korttid- og rehabiliteringsplassar på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS).
Kva med å utvikla - ikkje avvikla - korttid og rehabiliteringstenestene ved å flytta rehabiliteringsavdelinga frå Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) til FBBS og utvikla tenesta der? Til ei allereie velfungerande avdeling som ikkje har rekrutteringsproblem i utgangspunktet, som gir rett tilbod til pasientar i ein aktiv rehabiliteringsfase med mål om at dei skal heim etterpå? Der det allereie er god, tverrfagleg kompetanse?
Kva med å behalda, styrka og utvikla fag- og spisskompetansen som allereie er på FBBS, ved å flytta ressursar frå LBBS? Vi vil oppnå akkurat det som kommunedirektøren har som mål for pasientane
• Dei møter personale som er spisskompetente på nettopp deira behov
• Oppfølginga blir meir målretta og intensiv der det trengst
• Pasientforløpa blir meir føreseielege og samanhengande
Dette er ei teneste med relativt få plassar som skil seg frå dei andre institusjonsplassane ved at det er avgrensa opphald på nokre veker, men med stor tverrfagleg kompetanse.
Ja, det vil kosta meir i kroner over ein periode, men kva på lang sikt? Kor godt er dette risikovurdert?
Kanskje det blir lettare å rekruttera til desse arbeidsplassane, og kanskje til resten av FBBS også fordi ein har eit større fagmiljø og ein arbeidsplass som gir større fagleg variasjon der ein ser tydelege resultat av arbeidet, der ein i større grad arbeider målretta, der arbeidet er mindre rutineprega på grunn av stadig variasjon av pasientar med ulike diagnosar, og det rett og slett er meir lærerikt og utviklande enn berre å ha langtidsplassar?
Eg trur det vil bli mindre diskusjon angåande pårørandebelastning, reising og pasientar som kvir seg for institusjonsplass på «andre sida av fjorden» ettersom det er over ein kortare periode? Denne diskusjonen vil truleg koma i større grad når pasientar og pårørande må reisa (kanskje over fleire månader) over til FBBS, og spesielt når ein kjem i livets siste fase.
Vidare så undrar eg på om vi klarer å tenka ti til tjue år fram i tid - kva konsekvensane blir vi ved å endra ein av dei store, kommunale arbeidsplassane på denne måten? Om vi bestemmer oss for at FBBS ikkje duger til å ivareta korttid- og rehabilitering som kommunal teneste, eller at det er mest lønnsamt å ha tenestene på Os-sida?
Færre attraktive arbeidsplassar på denne sida av fjorden avfolkar Fusa-sida, vi veit vi får fleire vi skal ivareta heime i tenestene, og mange av oss ønskjer - utruleg nok - å bli gamal på denne sida av fjorden.
Eg veit det er gjort risikovurderingar, men kven har fått deltatt og kome med sine synspunkt. Kven bryr seg nok til å satsa i staden for å stengja ned?
Har pasientar og pårørande blitt høyrde? Har innbyggarane fått sagt kva dei tenker?
Er politikarane våre med og bestemmer før dei eigentleg har fått full innsikt, eller er alt eigentleg avklart av ei prosjektgruppa sitt innspel til administrasjonen? Har ein klart å løfta hovudet ut av pengesekken til helse og velferd, og vurdert kva dei samfunnsmessige konsekvensane blir? Vil det på sikt bli svært dyrt å ha tenestemotakarar på Fusa-sida av fjorden når aller tenestene har sitt utspring frå Os-sida?
Eg ser eg synsar og undrar meg ein del i denne tilbakemeldinga, og eg forstår at ikkje alle kan og skal ha all informasjon/innsikt i kva prosessar som har vore og kvifor ein har landa slik ein har gjort.
Men eg kunne tenkja meg å vita om det er vurdert konsekvensar for å behalda og utvikla korttid- og rehabiliteringstenester på FBBS i staden for Os, og vita at ein verkeleg har sett at det ikkje er gjennomførbart. Og også om det er tenkt nokre tankar i forhold til å rekruttera og behalda innbyggarane på Fusa-sida av fjorden?
Eg bryr meg, og her er mitt innspel!
Bodil H
Bjørnafjording