Samtidskonflikt: Når ein vaktstasjon skal dekkja 28.000 innbyggjarar, vil det vera stor fare for samtidskonflikt, dvs. at det er fleire, akutte hendingar som legen skal ta seg av samtidig.

Akuttmedisinsk beredskap kostar

Ei avvikling av Eikelandsosen vaktstasjon og oppgåveoverføring til Moberg ville gjera det umogleg for kommunen å koma i nærleiken av faglege tilrådingar.

Sjølv om eg for tida er i kommuneoverlege-permisjon og oppheld meg i utlandet, vil eg delta i legevaktsdiskusjonen som privatperson. Som busett i Bjørnafjorden aust er eg nemleg òg part i denne saka.

I 2014 jobba eg ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin (Nklm), som ligg i Bergen. Der skreiv vi ein rapport om Nasjonale krav til legevakt og framtidens øyeblikkelig hjelptilbud i kommunene, som var eit oppdrag gitt frå Akuttutvalet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nklm kom med ei samla tilråding om krav til avstand, utrykking og sjukebesøk for legevakta:

• 90 % av innbyggjarane i eit legevaktdistrikt skal ha under 40 minutt reiseveg til legevakt, og 95 % skal ha maks 60 minutt reiseveg.

• Legevakta skal rykka ut ved tilnærma 100 % av alle raude responsar (akutt, det kan stå om liv) i distriktet. Vaktlegen må kunna nå 95 % av innbyggjarane og alle tettstader innan 45 minutt.

• Legevakta skal gjennomføra 20-40 sjukebesøk per 1.000 innbyggjarar per år. Ventetida for desse pasientane skal vera under 2 timar ved gule responsar (det kan hasta) og under 6 timar ved grøne responsar (det hastar ikkje).

Ei avvikling av Eikelandsosen vaktstasjon og oppgåveoverføring til Moberg ville gjera det umogleg for kommunen å koma i nærleiken av desse faglege tilrådingane.

Sjå føre deg situasjonar der det verkeleg hastar, t.d. eit born med vedvarande epileptisk anfall, ungdomar i ei alvorleg trafikkulykke, ei gravid kvinne med store blødingar, ein mann med sjølvmordsforsøk eller ei gamal dame med hjarteinfarkt. Alt dette er ikkje utenkjeleg for dei 4.000 innbyggjarane (og kanskje 2.000 hyttefolk i tillegg) i Bjørnafjorden aust. I slike tilfelle er altså dei faglege råda at vaktlegen skal rykka ut umiddelbart.

Ved dei aller fleste raude og gule hendingar er fastlegekontoret stengt. Og gjerne skjer slike hendingar på ein laurdag kveld, når det er mørkt og dårleg vær.

Vaktlegen frå Moberg kan ikkje rekna med at ferja ligg klar når ho trengst. Å køyra rundt fjorden og gjennom Samnanger tar ca. 60 minutt til Eikelandsosen tettstad. Det er dyrebar tid når det står om liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom legevaktstasjonen i Eikelandsosen vert lagt ned, vil utrykking eller sjukebesøk over fjorden bety at vaktlegen frå Moberg ville vera borte frå vaktstasjonen i 3-4 timar. Når ein vaktstasjon skal dekkja 28.000 innbyggjarar, vil det vera stor fare for samtidskonflikt, dvs. at det er fleire, akutte hendingar som legen skal ta seg av samtidig. Då vil det vera nødvendig å ha ein vaktlege nummer to tilgjengeleg, ein lege som også har vaktbil til disposisjon i tilfelle utrykking.

Dagens legevaktordning i Eikelandsosen er ikkje gratis, men ei rimelegare løysing som er fagleg forsvarleg og som tiltrekkjer seg stabil, god kompetanse, er vanskeleg å få.

Det har mange år vore vaktkrise i Eikelandsosen, der dei få fastlegane hadde svært høg vaktbelastning i tillegg til full dagtidsjobb på fastlegekontoret, sjukeheimen eller helsestasjon. Ikkje rart at fastlegar slutta og at rekrutteringsutfordringane var så enorme. For å få vaktplanen til å gå opp måtte ein ofte ty til uønskte løysingar, som beordring, innleige av dyre vikarar utan lokal kjennskap og med svært variabel kvalitet, eller kostbare vakansevakter med opp til 100% ekstrabetaling.

Legevaktkrisen i Eikelandsosen blei stabilisert i september 2022 med innføring av ein nordsjøturnus og tilsetting av tre særs godt kvalifiserte legar. Legane er vekselvis på plass to veker om gongen. Då jobbar dei ikkje berre på legevakta, men hjelper òg til på fastlegekontoret frå kl 12-16 måndag til fredag. Dette svarer til ein 50 % fastlegeressurs. Vaktlegane er dermed også viktige bidragsytarar til fastlegetenesta i Bjørnafjorden aust.

I tillegg har vaktlegen i Eikelandsosen overtatt primæransvaret for innbyggjarane frå Samnanger. For å få kortreist akuttmedisinsk hjelp utanom kontortid, betalar Samnanger 3,9 millionar kroner per år.

Når ein reknar inn den 50 % fastlegerressursen som nordsjø-legane representerer og tenestesalet til Samnanger, er dagens vaktordning i Bjørnafjorden aust faktisk ikkje veldig dyr.

Alternative legevaktsordningar har nokre gonger vore nemnde, men er ikkje utgreidde.

Til dømes kunne ein ambulansebåt i Mobergsvikjo serva heile Bjørnafjorden-bassenget. Då trengst det eit omfattande samarbeid med Austevoll (og kanskje Tysnes), og i tillegg i alle hamner, eit robust mottaksapparat på land som kan frakta legen vidare til pasienten eller pasienten til ambulansebåten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eller ein ny interkommunal legevaktstasjon i Tysse (evt. Gullbotn) viss Bjørnafjorden kommune saman med Samnanger hadde klart å landa ein avtale med Kvam herad (og eventuelt Vaksdal kommune, og kanskje til og med Osterøy).

Men, ingen alternativ gir same stabilitet og akuttmedisinsk beredskap for oss innbyggjarar i Bjørnafjorden aust. Og, uansett løysing, vil Bjørnafjorden alltid trengja to legar på vakt og to legevaktsbilar. Då er nok det smartaste at vaktlege to er plassert på austsida av Fusafjorden.

Klaus Melf

Freiburg / Tyskland