Annleis: Prisen på ferjebilletten kan synast uviktig for dei som bur i bynære strok med kort vei til jobb. For vanlege folk kringom i landet som er avhengig av ferje, er det annleis.

Ap vil halvera ferjebillettprisen

Arbeiderpartiet vil halvera billettprisen på ferje i komande stortingsperiode.

Med ei Ap-leia regjering til hausten, skal første skritt takast i første statsbudsjett.

Arbeiderpartiet vil halvera og harmonisera billettprisane på dei offentleg finansierte fergesambanda. Det skal gjelda for både passasjerar, personbilar og tyngre kjøretøy. Reduksjonen skal finansierast av staten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter koronaen treng me ein ny start i Noreg. Då må det bli vanlege folk sin tur. Prisen på ferjebilletten kan synast uviktig for dei som bur i bynære strok med kort vei til jobb. For vanlege folk kringom i landet som er avhengig av ferje, er det annleis. For nokon er det snakk om store kostnader.

For oss handlar det om rettferd, om at det må bli vanlege folk sin tur, men også noko meir: Ambisjonane for Noreg som nasjon. Tryggleik for arbeid og velferd til alle, heng saman med vår økonomiske kraft, våre bein å stå på. De siste åra har vi sett ei urovekkande utvikling i samla eksport. Regjeringa har feila med sitt viktigaste, uttalte prosjekt, ei omstilling av økonomien til tida etter oljealderen.

Arbeiderpartiet har difor sett eit ambisiøst mål om 50 prosent vekst i norsk eksport fram til 2030. Då må det satsast over heile landet, ikkje minst langs kysten. Fleire av eksportnæringane med størst vekstpotensial ligg her. Dei kan ikkje veks uten at folk etablerer seg og trivst nær jobbane dei tilbyr, med høve til pendling utan for store kostnader.

Halvering av ferjebillettprisen, saman med auka pendlarfradrag, er difor handfaste delar av Arbeiderpartiets store prosjekt: Ein ny start i Norge, der det vert vanlege folk sin tur.

Odd Harald Hovland

Stortingskandidat for Arbeiderpartiet