Best, ikkje billegast: Eldreomsorga skal vere best mogleg, ikkje billegast mogleg.

Arbeidarpartiet jobbar for ei verdig eldreomsorg

Arbeidarpartiet vil ha ei heilskapleg eldreomsorg som følgjer deg gjennom alderdommen. For oss heng god omsorg og trygge tilsette uløyseleg saman.

Vi vil at eldre skal kunne vere sjef i eige liv, og at storleiken på lommeboka di ikkje skal bestemme kor gode dagar du har. For å kunne gje trygg og god omsorg treng vi trygge, kompetente tilsette. Fagpersonar som har fulle faste stillingar aukar kvaliteten på tenestene vi leverer og det gjev betre stabilitet og oversikt for deg når du treng hjelp.

Vi må styre ressursane våre sjølve for å ha god kontroll på kvaliteten i tenestene vi leverer. Vi må kjenne lokale tilhøve, ha oversikt over kompetansebehov og bruke midlane våre der dei trengst mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgresida sin out-sourcingsiver gjev oss dårlegare moglegheiter for dette. Vi vil at du skal få ei heilskapleg omsorg, der vi ikkje deler opp hjelpebehova dine – slik som stykkprisfinaniseringa til regjeringa legg opp til.

Vi vil sørgje for at alle skal kunne ha tilgang til gode helse- og omsorgstenester gjennom det offentlege helsetilbodet. Du skal ikkje måtte støtte deg til private helseforsikringar. Vanlege folk skal kjenne seg trygge på at gode helsetenester er tilgjengeleg for alle, og ikkje berre for dei som har mest pengar i banken.

Ved å tilsetje personalet i heile, faste stillingar trur vi fleire vil ønskje og tore å satse på ei arbeidskarriere i pleieyrka. Vi treng kvart eit hovud og kvart eit hjarte som bankar for våre eldre!

Eldreomsorga skal vere best mogleg, ikkje billegast mogleg. Til dette treng vi ei regjering som spelar på lag med dei tilsette og som gjev kommunane økonomi til å løysa oppgåvene på ein god måte.

Stem Arbeidarpartiet for ei verdig eldreomsorg!

Bjørnafjorden Arbeidarparti