Reddar liv: Kirkens Nødhjelps arbeid med reint vatn reddar liv kvar einaste dag.

Årets fasteaksjon er i gang: Gje eit liv med vatn

Vi er i gang med årets fasteaksjon. Støtt opp om årets aksjon som i år vert annleis, utan bøsseberarar, men med Vipps.

Du kan også betala med bankgiro. Det vert vist til annonse i avisa i dag og neste fredag.

Klimaendringar, fattigdom, krig og konflikt er dessverre ein sentral del av verdsbiletet. Då er det godt å sjå at det nyttar å hjelpa og at pengane som blir samla inn kjem fram. Kirkens Nødhjelps arbeid med reint vatn reddar liv kvar einaste dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi ser at klimaendringane har alvorlege følgjer. Tørke og flaum øydelegg livsgrunnlaget til folk og tvingar stadig fleire på flukt. Folk manglar reint vatn, blir sjuke og i verste fall døyr. Kirkens Nødhjelps fasteaksjon handlar i år om å gje reint vatn til menneske som kjenner på kroppen at klimaet endrar seg.

Som for 14 år gamle Bate og 10 år gamle Kila i Beseko i Etiopia. Den einaste vasskjelda i landsbyen var den røffe og skitne elva som gjorde at folk vart sjuke. Det valdsame regnet la heile avlingar under vatn. Folk vart så sjuke at fleire pakka tinga sine og flykta. Verken Bate eller Kila kunne gå på skulen, dei måtte hjelpa familiane sine for å få kvardagen til å gå rundt.

Frå flukt til blomstring

Etter at dei fekk reint og trygt vatn med midlar frå Kirkens Nødhjelp og det norske folk gjennom TV-aksjonen, har landsbyen vakse til 8.000 innbyggjarar, butikkar og marknad blomstrar, Kila og Bate kan gå på skulen og byrja å drøyma om ei betre framtid. Vatn forandrar verkeleg alt.

Pengane frå Fasteaksjonen gjer det mogleg å endra liv. Unge jenter treng ikkje lenger bruka fleire timar dagleg for å henta skittent vatn frå vasskjelder dei deler med dyra. Folk held seg friske, kan arbeida og gå på skulen.

Klimaendringane sender menneske på flukt, skaper meir fattigdom og prekær vassmangel. Pengane frå Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp kan gje menneske over heile verda tilgang til reint og trygt vatn, trygge toalett og opplæring i hygiene. Det reddar liv.

Sei frå!

Fasteaksjonen gjev også høve til å vera med og påverka norsk klimapolitikk. Verdas fattigaste har bidrege minst til klimaendringane, men opplever dei verste konsekvensane. Det er dønn urettferdig.

Vi kan ikkje endra på det som er gjort, men vi kan gjera noko for å skapa ei rettferdig framtid. I Fasteaksjonen kan du bidra ved å signera på Kirkens Nødhjelp og Changemaker sitt opprop for at Noreg skal gje meir pengar til handtering av klimakrisa i fattige land. Etter Fasteaksjonen blir oppropet overlevert statsminister Erna Solberg.

Dugnad for rettferd

Kirkens Nødhjelps fasteaksjon er ein fantastisk dugnad for rettferd.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konfirmantane i Bjørnafjorden har i mange år brukt fastetida til å hjelpa dei som treng det mest. Diverre blir det ikkje slik i år pga koronaviruset og faren for smittespreiing. Difor håpar vi at alle bidreg gjennom dei digitale løysingane ein legg opp til ved bruk av m.a. Vipps og SMS.

Klimaendringane er vårt felles ansvar, og vi må hjelpa dei som blir ramma. Støtta di gjer ein forskjell!

Os sokneråd

Fusa sokneråd