Godt nytt år bjørnefjordingar: 84 år gamle Stephan Irgens-Hagevik har sine tanker om kommunesamanslåinga og det med å ivareta minner.

– Årets nyttårsborn. Smak på den karamellen!

– Så vart osingar og fusingar Bjørnafjordingar over natta. Årets nyttårsborn. Smak på den karamellen, skriv Stephan Irgens-Hagevik i sin kommentar om den nyfødde kommunen.

Bjørnafjorden kommune vart årets nyttårsborn. Osingar og fusingar vart bjørnafjordingar over natta. Smak på den karamellen!

Den kan bli bitter etter kvart, men det er ein annan skål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Minner

Gamle minner du bevarar. Dei blir som kommentarer til det som ein gong var, men som du framleis har.

Dei kan gjerne liggja der gøymt, men blir nok ikkje gløymt. Når dagen vanskeleg blir, dei stundom gleder deg gir.

Gamle minnner kan du dela. Gode minner kan deg hela. Dei er kroppens vitamin, sinnets eiga medisin.

Godt nyttår til dåke alle!

Helsing Stephan Irgens-Hagavik