Trudde dei støtta eit mangfald: - Kva i alle dagar går det av Frp, Høgre og KrF?

Både ja og nei

Eg trudde desse partia støtta eit mangfald med ein kombinasjon av offentlege og private skular. Så feil kan ein ta.

Konservativt registrerer at formannskapet torsdag har sagt ja til privat barnehage på Holdhus og i Strøno. Konservativt støttar dette.

Så har formannskapet sagt nei til privat skule på Os-sida av kommunen. Kva i alle dagar går det av Frp, Høgre og KrF?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg trudde desse partia støtta eit mangfald med ein kombinasjon av offentlege og private skular. Så feil kan ein ta.

Ja, sjølvsagt kostar det å driva både skule og barnehage. Erfaringane frå dei tre private skulane på Fusa sida er gode. Me trur òg at meir konkurranse om elevane på Os-sida vil verka til at både offentlege og private skular må «skjerpa» seg.

Me trur at gode barnehagar og skular får fleire til å etablera seg i kommunen vår. Det igjen vil generera fleire inntekter til det offentlege.

Ja til eit mangfald av barnehagar og skular.

Rune Samnøy

1. kandidat

Konservativt