Arbeidarpartiets Irene Vågen og Jo Rune Ugulen Kristiansen meiner privatisering gir auka utryggleik og mindre føreseielegheit for dei tilsette.

Besto og besten skal ikkje ut på anbod!

Korleis skal vi læra opp og behalda kompetanse i kommunen dersom vi ikkje sjølv styrer tenestene vi tilbyr?

Visste du at ein konsekvens av å setja besto og besten ut på anbod, kan vera inntil ein million kroner mindre i pensjon for omsorgsarbeidarane?

Ja, du las rett! Dette kan bli ein av mange konsekvensar av å konkurranseutsetja dei kommunale omsorgstenestene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Er omsorgsarbeidaren over 55 år kan privatisering av arbeidsplassen din medføra at du mister inntil ein million kroner i pensjon. Dette fordi ein då mister rettane til avtalefesta pensjon (AFP) dersom ein kommunal sjukeheim vert privatisert.

Bjørnafjorden Arbeidarparti er sterkt imot å konkurranseutsetja eller privatisera dei kommunale tenestene. Nettopp fordi det vil medføra så mange negative konsekvensar.

Dårlegare sikkerheitsnett

Erfaringar frå stader der dette er utprøvd, viser at privatisering gir auka utryggleik og mindre føreseielegheit for dei tilsette, i tillegg til at dei tilsette over tid får dårlegare løns- og arbeidsvilkår enn om dei var tilsette i kommunen.

Og, dersom du skulle koma i den situasjonen at du ikkje lenger kan stå i den stillinga du har, har du eit mykje dårlegare sikkerheitsnett enn om du er tilsett i kommunen.

80 prosent av kostnaden med å drive ein sjukeheim, er løn. Då er det naturleg at dersom ein skal tena pengar på å driva ein sjukeheim, då MÅ lønskostnadane reduserast.

Forskjellane i vilkår kan ein enkelt sjå sjølv ved å samanlikna tariffavtalen i privat sektor (NHO 481) med tilsvarande i kommunal sektor (KS).

Kven av dei kommunalt tilsette er det som fortener dårlegare arbeids-, løns- og pensjonsvilkår? Arbeidarpartiet meiner at svaret på det er INGEN!

Korleis skal vi læra opp og behalda kompetanse i kommunen dersom vi ikkje sjølv styrer tenestene vi tilbyr? Vi ønskjer også å halda fram med satsinga på lærlingar som Arbeidarpartiet har hatt fokus på i denne perioden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kan bli vanskelegare å bli høyrd

Omsorgstenester involverer ofte ulike faggrupper som samarbeider om å yta best moglege tenester til den enkelte tenestemottakar.

Konkurranseutsetjing kan gjera det vanskelegare å gje eit heilskapleg og best mogleg tilpassa tilbod til den enkelte. I tillegg kan det verta vanskelegare å bli høyrt dersom ein ikkje er nøgd med tenestetilbodet, når kommunen ikkje lenger har det direkte ansvaret for tenesta.

Det kan også gje mindre rom for at både omsorgsmottakar og dei pårørande kan påverka korleis tenestene vert leverte.

Hyppige skifte av tenestetilbydarar kan dessutan vera både forvirrande og stressande, og det kan igjen bli opplevd som utrygt for både besto og besten.

Bjørnafjorden Arbeidarparti seier JA til trygge og føreseielege omsorgstenester. Og NEI til å privatisera og konkurranseutsetja dei kommunale tenestene.

Besto og besten skal IKKJE ut på anbod!

Jo Rune Ugulen Kristiansen, 6.kandidat til kommunestyret

Irene Vågen, 11.kandidat til kommunestyret

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Arbeidarparti