Tryggleik: Eg ynskjer også å kunna flytta heim igjen etter endt studie, og kunna gje den same trygge skulekvardagen eg har til mine ungar. (Illustrasjonfoto)

Bjørnafjorden bør våga å kjempa mot sentraliseringa

Korleis ser me for oss bygdene i 2040 dersom me ikkje tør å satsa på dei no?

Nok ein gong er det kome forslag om å legga ned skulen vår. Den same skulen som har bidrege til å gje både meg og andre sambygdingar ein trygg og god oppvekst. Nokon tenkjer gjerne at det ikkje er så farleg. «Ein skule er jo berre ein skule, og det er jo ikkje så langt med buss.» Men det handlar om så mykje meir.

I tillegg til å gi generell opplæring, skapar Ådlandsfjorden barneskule rom for å i større grad bli kjent på tvers av trinna og kjenna seg trygg på skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det at barnehagen er rett på sida, gjer til at ungane kjenner til skulen og elevar på skulen før dei startar sjølve. Alle kjenner alle, noko som bidrar til eit trygt og godt miljø, både for ungar og foreldra.

Eit mindre miljø legg til rette for at kvar enkelt elev blir sett og får den tilrettelegginga den enkelte treng. Dette blir meir utfordrande dersom elevtalet blir for stort!

Ikkje nok med det, skulen er også ein svært viktig møtestad i bygda. Mykje av den lokale tilknytinga og dugnadsånda har grobotn i samhaldet den lokale skulen skapar.

Holmefjord er ei levande bygd med engasjerte folk i alle generasjonar. Ungdomslaget, idrettslaget og andre lag arrangerer støtt og stadig aktivitetar for både små og store.

Eg fryktar at dersom me mister skulen, vil dette samhaldet svekkast. Initiativet til sosiale samankomstar kan koma til å gå ned, då mykje aktivitet automatisk vil flyttast ut av bygda dersom skulen forsvinn. Me ynskjer å vera eit aktivt lokalsamfunn med lokale tilbod for bygdafolket. Då treng me også skulen!

PwC grunngir, blant anna, forslaget med at den forventa folkeveksten mot 2040 vil vera for liten til at det er bakgrunn for å drifta skulen. Korleis ser me for oss bygdene i 2040 dersom me ikkje tør å satsa på dei no?

Dei siste åra har fleire barnefamiliar flytta til regionen rundt Ådlandsfjorden barneskule. Tilflyttarane er unge som har vakse opp i området og no flyttar heim igjen, samt folk utan tidlegare tilknyting til bygda. Dette tyder på at Holmefjord per dags dato er ein attraktiv tilflyttingsstad.

Eg ynskjer også å kunna flytta heim igjen etter endt studie, og kunna gje den same trygge skulekvardagen eg har hatt ved Ådlandsfjorden barneskule, til mine ungar. For å sikra tilflytting er me avhengig av at kommunen kan tilby skule og barnehage i nærområdet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbreiinga av industriområdet på Samnøy tyder også på at det er interesse i området. Å satsa på industri og næringsverksemd i eit område der ein samstundes ynskjer å leggja mindre til rette for tilflytting, verkar heilt fjernt i mine auge.

Holmefjord er ei bygd i utvikling, og har interesse i å vera attraktiv i framtida, då kan me ikkje fjerna limet. Som ein kommune beståande av små bygder, bør Bjørnafjorden gå fram som eit eksempel og våga å kjempa mot sentraliseringa, og for lokalsamfunna. Elles er eg redd det me opplever no er starten på slutten av distrikts-Noreg.

Ja til levande lokalsamfunn og barneskule på Holmefjord!

Thea Malin Holmefjord Lyhammer