Kostnaden for indre trasé er for første gong sidan 2012 rekna på nytt, og viser seg å vera mellom 10 og 15 milliardar billegare enn midtre trasé, og det er før ein ser prosjektet i samanheng med dei andre vegprosjekta.
Kostnaden for indre trasé er for første gong sidan 2012 rekna på nytt, og viser seg å vera mellom 10 og 15 milliardar billegare enn midtre trasé, og det er før ein ser prosjektet i samanheng med dei andre vegprosjekta.

Bjørnafjorden Senterparti kjempar for ja til indre trasé

Kostnaden for indre trasé er for første gong sidan 2012 rekna på nytt, og viser seg å vera mellom 10 og 15 milliardar billegare enn midtre trasé. Og det er før ein ser prosjektet i samanheng med dei andre vegprosjekta.

Utgreiinga av Ferjefri E39 ble igangsett av statsråd Magnhild Meltveit Kleppa i 2010. På oppdrag frå samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa innleia Statens vegvesen i 2010 ei utgreiing som såg heile strekninga under eitt. Målet med utgreiinga var å sjå på høva for å gjera E39 mellom Kristiansand og Trondheim ferjefri og dermed redusera reisetida langs Vestlandet. Prosjektet blei inkludert i Nasjonal transportplan 2014–2023, og regjeringa Stoltenberg II sette som mål å gjera heile strekninga ferjefri i løpet av 20 år.

Samlet kostnad blei då anslått til 150 milliardar kroner. Med Nasjonal transportplan 2018–2029 endra regjeringa sin utbyggingsambisjon frå «20 år» til eit «langsiktig mål». I 2013 anslo Statens vegvesen at ei investering på rundt 100 milliardar kroner kunne redusera køyretida frå 20 til 13 timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein ny rapport frå Asplan Viak mars 2019 tek for seg oppdaterte trafikktal for både brua og ein indre trasé E39 om Eikelandsosen i Fusa kommune.

Mykje høgare trafikk

Rapporten viser at den indre traseen vil ha vesentleg høgare trafikk enn kva som vart førespegla då alternativet vart omgjort/vraka av Høgre og Frp i 2013. Den nye rapporten reknar at skilnaden vil vera mykje mindre enn ei utrekning frå 2012 viste. Dei nye utrekningane viser at den midtre trasen vil ha 11.800 bilar, mot 9.500 bilar på den indre traseen i 2040.

Kostnaden for indre trasé er for første gong sidan 2012 rekna på nytt, og viser seg å vera mellom 10 og 15 milliardar billegare enn midtre trasé, og det er før ein ser prosjektet i samanheng med dei andre vegprosjekta. Dette forrykkar avgjerdsgrunnlaget, meiner me i Bjørnafjorden Senterparti.

Planlegging av bru mellom Os og Fusa er og ein påbegynt  prosess med kommunale samanslåingsmidlar frå regjeringa, så alle piler peikar mot indre trasé.
Planlegging av bru mellom Os og Fusa er og ein påbegynt prosess med kommunale samanslåingsmidlar frå regjeringa, så alle piler peikar mot indre trasé.

Føresetnadene er endra

Sidan 2012 er føresetnadene endra. Os og Fusa kommunar skal slåast saman til Bjørnafjorden kommune, noko som vil skapa auka trafikk over fjorden og behov for ein betre infrastruktur. Konsekvensen er at talet på årlege køyretøy over midtre trasé kan bli redusert, medan den vil auka via indre trasé med auka trafikk mellom Os og Fusa (og Samnanger). «Normann-rapporten» påpeika i 2012 at trafikken over indre trasé vil gi ei tidlegare inntening – før det var planar om kommunesamanslåing.

Sjå tinga i samanheng

Som mange har påpeika før, med indre trasé med ei forlenging nordover og sett i samanheng med «Hordalandsdiagonalen», kan ein oppnå kostnadsinnsparingar og synergieffektar for tre store samferdselsprosjekt: E39, E16 og E134.

Fusa kommune som no blir ein del av Bjørnafjorden kommune har overskot av bustadtomter. Me i Bjørnafjorden Senterparti meiner at ein må ta heile kommunen i bruk, derfor er E39 indre trasé så viktig. Planlegging av tunnel frå Sævareid til Eikelandsosen er i startfasen men, vil då bli E39 som eit nasjonalt prosjekt.

Planlegging av bru mellom Os og Fusa er og ein påbegynt prosess med kommunale samanslåingsmidlar frå regjeringa, så alle piler peikar mot indre trasé.

Stem Senterpartiet lokalt og Senterpartiet Vestland Fylke. Det blir viktig for E39 indre trasé.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helge Andersen

Listekandidat

Bjørnafjorden Senterparti