Krevjande: Det er ikkje til å stikka under ein stol at venstresida i norsk politikk vil forsera denne utviklinga. Det er rett og slett ein risiko for at det blir definert ein sluttdato om venstresida får makt. Det blir krevjande.

Bjørnafjorden – vi har moglegheiter

Bjørnafjorden og Vestlandet er kombinasjonen av ein sterk Bergen by som har sterke utdannings- og forskingsmiljø basert på naturbaserte næringar, og ein nærleik til dei same naturressursane i distrikta.

Vestlendingen har alltid levd tett på, og av naturen – ofte i nærleik til havet og sjøen. Menneska og naturressursane har lagt grunnlaget for den unike kompetansen og næringane som har skapt vår velferd. Visjonen er at Vestlandet skal vera ein del av verdas viktigaste havregion i mange hundre år.

Vi er avhengige av at det bur folk nær naturressursane og produksjonen for at vi skal oppretthalda og vidareutvikla basisnæringane våre. Då må vi laga attraktive lokalsamfunn som unge menneske vil bu i, med god infrastruktur til byar og tettstader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vestlandet si utvikling vert også definert av globale trendar og nasjonale rammer. Vi er sterkt prega av olje og gass-næringa her. Det medfører at vi vert hardt ramma ved mindre etterspørsel og utfasing av fossile energikjelder.

Det er ikkje til å stikka under ein stol at venstresida i norsk politikk vil forsera denne utviklinga. Det er rett og slett ein risiko for at det blir definert ein sluttdato om venstresida får makt. Det blir krevjande.

Vi står allereie midt i ei omstilling. Da må vi tiltrekkja oss, utvikla og behalda den kompetansen vi treng for å lykkast med omstillinga. Vi må vera attraktive for investorar, tilreisande, bedrifter og arbeidstakar. Menneske og bedrifter må få oppleva å ha ei større nytte av å vera her hos oss, enn andre plassar i verda. Her i vest er det private investeringsplanar for mange hundre milliardar dei næraste åra. Dei må vi ta godt vare på.

Bjørnafjorden og Vestlandet er kombinasjonen av ein sterk Bergen by som har sterke utdannings- og forskingsmiljø basert på naturbaserte næringar, og ein nærleik til dei same naturressursane i distrikta. Vi må løfta blikket og sjå korleis regionen vår kan vera ein del av løysinga på nasjonale og globale utfordringar.

Å skrota EØS-avtalen slik fleirtalet på venstresida vil, vil vera eit alvorleg tilbakesteg for regionen. EØS-avtalen handlar om vår kvardag; felles lover og reglar, fri bevegelse, utdanning, helsehjelp og velferd. Og sist, men ikkje minst; avtalen gjev oss tilgang til ein marknad med over 500 millionar innbyggjarar.

Med Høgre i regjering er det laga ein handlingsplan for eksport. Planen skal bidra til auka verdiskaping. Vi har gjort det meir gunstig å investera i nye selskap. Vi har fjerna maskinskatten og senka selskapsskatten og formuesskatten slik at bedrifter kan investera, omstilla seg og skapa fleire arbeidsplassar. Vi har forenkla, fornya og forbetra offentlig sektor.

Vi gjennomfører no ein inkluderingsdugnad som gjev fleire ein moglegheit til å koma inn og delta i arbeidslivet. Vi skal nedkjempe utanforskap. Vi vil hjelpa flest mogleg med å gå over frå trygd til arbeid.

Våren 2020 kom sluttrapporten om konsekvensane av fråværsgrensa. Den viste at fråværet i snitt er redusert med 27 prosent etter innføringa. Utdanningsløpa må sikra at relevant kunnskap blir formidla. Dette kan ein oppnå gjennom tettare samhandling og koordinering mellom næringsliv, forsking og utdanningsinstitusjonar. Med Høgre sin politikk vil fleire fullføra vidaregåande skule, fleire vil få læreplass, og fleire bedrifter får dekka sine behov for arbeidskraft og kompetanse. Det handlar neppe om gratis SFO og gratis skulemat som er venstresida si nye milliardsatsing i skulen.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Høgre handlar det om attraktive lokalsamfunn for dei unge, folkehelse, ei omlegging av utdanningssystemet og eit skatte- og avgiftssystem som stimulerer til investeringar, innovasjon og næringsutvikling.

Vi må sjølve få utnytta våre ressursar, våre konkurransefortrinn og våre areal på sjø og land på ein måte som gagnar oss best. Det krev at vi må ta ansvar. Eit ansvar vestlendingen alltid har tatt. Vi treng Erna ved roret og Høgre i regjering også etter valet i 2021.

Ove Trellevik

Stortingsrepresentant (H)