Etter valet: Me veit berre om ei stemme får betydning for sluttresultatet etter at alle stemmene er avgitt.

Bortkasta stemme?

Frå tid til anna høyrer eg argument som at det er bortkasta å stemma på Partiet De Kristne. Då stiller eg meg spørsmålet; kva er ei bortkasta stemme?

Den Danske filosofen Søren Kirkegaard sa ein gong at «livet bare kan forståes baklengs, men det må leves forlengs». Og sånn er det med bortkasta stemmer også. Me veit berre om ei stemme får betydning for sluttresultatet etter at alle stemmene er avgitt. På førehand veit me ingen ting sikkert.

Det betyr altså at det er når alle stemmesetlane er lagt i urna og talt opp, at me veit resultatet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilbake til spørsmålet om bortkasta stemmer. Kvifor går me og stemmer på eit parti eller person? Eg trur dei fleste gjer det fordi dei ønskjer eit samfunn som er lik det vedkomande parti ønskjer. Altså, ein er i hovudsak samd med det partiet står for.

Stemmer du på eit parti du ikkje er heilt samd med fordi partiet er stort på meiningsmålingane, er det ei bortkasta stemme. Bortkasta fordi det berre er ei stemme til partiet du er mest samd med som gjev deg det samfunnet du ønskjer.

Stemmer du på eit parti fordi du vil sikra dagens regjering eller få ei ny regjering, er det også ei bortkasta stemme. Bortkasta dersom du er usamd med dagens regjering på viktige område. Bortkasta dersom du er samd med dei raudgrøne partia på viktige område. Bortkasta fordi du får eit samfunn du ikkje ønskjer.

Stemmer du derimot på eit parti som står for det du er samd med, får du innverknad på samfunnsutviklinga - du får det samfunnet du ønskjer.

Difor er mi oppmoding: Sjekk ut kva dei ulike parti meiner om saker som er viktige for deg? Kva har dei ulike partia røysta for og mot i storting og regjering?

Stem på det partiet du er mest samd med og som held det dei lovar.

Stem gjerne på Partiet De Kristne.

Godt val.

Artikkelen held fram under annonsen.

Magne Djuvik

Stortingskandidat

Partiet De Kristne