Fargefest: Vesle Agnes går for raud kjole, pluss ekstra fargar i panna.

Dagen i dag er den beste i heile verda!

Fargefesten i Banktjørnhaugen barnehage handlar om venskap og sosialt fellesskap.

I år arrangerte Banktjørnhaugen barnehage fargefest, og det var uten tvil eit arrangement som fristar til gjentaking.

Borna fikk oppleva venskap og sosialt fellesskap gjennom kjekke og varierte aktivitetar som ansiktsmaling, disco, yoga og teikning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha blitt oppmoda til fargerike gjenbruk av kle, stilte born og tilsette i raudt, grønt, gult og blått. Raud pynt frå taket er venegave frå naboavdelinga.

Festen vart avslutta med ein fargerik fellesbuffet. Vi serverte grønsaker, fisk, pålegg og et geletårn i alle regnbogens fargar. Det var stor stas.

Les også
Dette synet møtte borna i Banktjørnhaugen barnehage då dei skulle ut og leika
Les også
Her feirar 20-åringen bursdag med Bukkane Bruse og troll under brua

Verdiane våre er «trivsel, glede og omsorg», og det ønskjer vi at borna skal få oppleva kvar dag i vår barnehage.

Vi blir stolte når vi får høyra av ein femåring at: «Dagen i dag er den beste dagen i heile verda!»