Omlakkering: Mitt beste råd til eigarar av svarte eller kulørte tesla-apparat er: Omlakkering - eller innbyte til kvit.

Dagleg bruk av Tesla: – Ein enkel guide

Det har i ei årrekkje vore populært å ta seg fram langs vegnettet vårt ved hjelp av Tesla-apparat.

Gjennom subsidiar har Staten oppmoda både formuane og gjeldstynga til å hiva seg på denne vakre transporttrenden. Nye veganlegg, slik som motorvegen Svegatjørn-Rådal, vert tilrettelagt med reservert spor (det venstre) for kvite tesla-apparat, slik at operatørane skal kunna ta seg raskt fram på ein trygg og sjarmerande måte.

Som akterutsegla bilist i høgre køyrefelt har eg merka meg at det er ein del avvik frå måten det venstre sporet er meint å nyttast. Her lyt eg med ein gong vera tydeleg på at eg er autodidakt på området, og ikkje kjenner regelverket i detalj. Mykje av min kunnskap har eg frå leiaren i Marmorneset Tesla Club, Kirsten Elnett Satin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Slik eg har forstått det, er altså venstre spor på strekninga Svegatjørn-Rådal reservert for kvite tesla-apparat, og at farten der er valfri. Det er ikkje tillate for operatørane å stilla apparatet inn slik at dei kjem over i den høgre køyrebana, som er reservert for tungtransport, kollektivtransport av uføre, franske bilmodellar og Suzuki'ar køyrd av eldre medlemer av Arbeidarpartiet. Ved slikt ulovleg filskifte lyt ikkje farten berre senkast drastisk, noko som aukar faren for forseintkoming, men det er i tillegg estetisk reint forkasteleg. Slik oppførsel er det som på engelsk vert kalla «slumming», altså nær omgang med allmugen berre for å forvita seg.

Om ikkje så ofte, så er det rapportert om tilfelle der kvite tesla-apparat har blitt lagt over i høgre køyrebane, noko som ifølge Elnett Satin i seg sjølv fører til seks månaders suspensjon frå deira klubb. Slikt er ille. Men endå verre, ja, beint fram avskyeleg, er tilfellet frå midten av november i fjor, då ein operatør la apparatet over i høgre køyrefelt samstundes som operatøren aktiverte blinklysappen!

– Det kan ikke ha vært en av våre medlemer, sa Elnett Satin til meg.

– Det ville umiddelbart ført til ekskludering.

Ho fortalde vidare om opptaksprøvar i klubben der forbod mot bruk av blinklys er viktigaste punkt. Her er kravet til kandidatane null feil for å stå.

Mange tesla-operatørar har klaga på styresmaktene sitt påbod om at tesla-apparat skal ha godkjend blinklys. Hovudargumentet deira er at det ikkje er tale om fartøy, men nettbrett påmontert hjul. Når dei ikkje har vunne fram med sine argument, har dei fleste valt å sletta blinklysappen. Eit lurt triks, som alle burde følgja.

Vi som ligg i høgre køyrefelt i berre litt over fartsgrensa på 100 km/t, har god tid til å sjå kva som går føre seg i teslasporet. Opptil fleire gonger har eg sjølv sett apparat som heilt korrekt berre ligg ute i venstre sporet, men som ikkje er kvite! Sjølv har eg sett både mørkeblå, svarte – og jamvel eit raudt (!) tesla-apparat ta seg fram i teslasporet til og frå Os. Først og fremst er dette på grensa til kitsch, men også til ein viss grad uheldig med tanke på ulukker.

Som operatør av tesla-apparat er ein som kjend friteken frå dei fleste krav i trafikklova, mellom anna kravet om å følgja med på annan trafikk. Når ein til dømes er oppteken med å bryggja seg kaffi og spela Wordcraft, samstundes som ein over mobilnettet er i ferd med å bryta opp ekteskapet, fordi ein jobbar for mykje med informasjonsteknologi, er det naturleg nok mykje forlangt at operatøren i tillegg skal halda på med å sjå seg rundt omkring. Er ein i ferd med å byta kaffifilter når nettbrettet cruisar i 160-180 km/t, har ein jammen nok med seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

For at vi andre trafikantar på beste vis skal ta omsyn til dette, er det til stor hjelp at tesla-apparatet er kvitt og godt synleg. Stileg er det òg. Mitt beste råd til eigarar av svarte eller kulørte tesla-apparat er: Omlakkering - eller innbyte til kvitt. Kvite skal apparata vera. Såpass må vi kunna vera einige om.

Så over til noko langt meir alvorleg: Det har kome Kirsten Elnett Satin for øyra at køyrefeltet deira har vore misbrukt og skjemd av vandalar i andre apparat. Vitne fortel om observasjonar av såkalla «fakeapparat». Så langt skal desse sortane ha blitt observert: Jaguar F og E Pace, Mustang Mac E, BMW i7 M70 og Audi Q8 E-tron. Alle desse skal ha køyrd heile strekninga Svegatjørn-Rådal i venstre spor!

Politiet er på saka og kan opplysa at dei har kome langt i etterforskinga. Desse episodane er sjølvsagt svært alvorlege, men er likevel nesten som småkriminalitet å rekna sett opp mot neste episode: I det venstre sporet på motorvegen Svegatjørn-Rådal, eit spor reservert for kvite tesla-apparat, har fleire teslaoperatørar observert ein Audi R8 V10. Dette fartøyet er ikkje ein gong eit apparat, men ein bensinbil!

Lenge var det berre eit rykte, men no har det kome fram at det er teke bilete av det som berre kan kallast grov valdsutøving. Føremålet med å skaffe seg eit slikt fartøy er berre å spreie angst og lydforureining, altså rein terrorverksemd. Her er då også PST og Interpol kopla inn. Vi kan berre håpa og tru at dette var eit eingongstilfelle, utført av rogalendingar. Viss ikkje, er det no lagt inn ein ny prosedyre der Sivilforsvaret vil utløysa flyalarmane ved ny observasjon.

Sjølv om ein som operatør av tesla-apparat har mange fordelar, følgjer det også med nokre plikter. Og her er det nok enkelte som slurvar.

– Vi ser en sjelden gang at operatørene har satt fra seg apparatet innenfor oppmerkede streker på parkeringsplass, fortalde Elnett Satin.

– Regelen er krystallklar: Alltid dobbelparkering!

I Marmorneset Tesla Club har dei hatt suksess med eit beløningssystem ved riktig parkering. Tek ein til dømes bilete av dobbelparkering over to parkeringslommer merka med person i rullestol, og sender dette til klubben, får ein 10 poeng og 3 bongar i baren på sommarfesten i Bayreuth. Ein bør sjølvsagt unngå å parkera framfor butikkar som Rema 1000 og Kiwi, for ikkje å snakka om Coop-butikkane, som truleg er eigd av arbeidarrørsla, eller kommunistar, som dei seier ute på Søvikneset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Har ein ikkje folk til å handla mat for seg, vil eg tilrå Mega som ei naudløysing. Då bør ein reisa dit i solnedgang og parkera langt vekk frå oppmerkte lommer, og med fronten mot sola. Stiller ein framhjula med litt sving mot høgre, vil posituren gje apparatet og operatøren eit ungdommeleg og dynamisk inntrykk. Hugs poloskjorte i egyptisk bomull.

Andre tabbar er å leggja seg bak andre bilar. Tesla-apparat har ikkje gir, noko som gjev nettbrettet rask akselerasjon. Du skal alltid koma deg føre fartøyet framom deg, alltid køyra inn i rundkøyringar med eksplosive G-krefter i vente. Forbikøyring – såkalla overtaking – bør skje i busslomme. Ved overtaking legg ein seg så nærme fartøyet framfor som råd er, for såleis å dra nytte av dragsuget, det vi kallar slipstreaming. Ligg der heilt til du kjem til ei busslomme. Overta!

I Ålvik vart eit tesla-apparat sett liggjande bak ein Peugeot med dieselmotor. Kan du tenkja deg kva inntrykk ålvikingane sit att med?

Til slutt: Hugs at når du tek det store steget inn i Tesla sine rekkjer, og du har sverja eden til Elon Musk, er du med i eit verdsomfattande laug, og er ein del av den nye verda. Når du er ute og opererer tesla-apparat, representerer du ikkje berre deg sjølv, men heile lauget.

– Kle deg pent, formanar Kirsten Elnett Satin.

– Hvit poloskjorte til både ham og henne er pent. Mokkasiner eller pumps på bena. Og ikke minst: Oppfør deg! Eller som min far alltid sa: «Min ære er troskap!

Simca