Forvirrande: Før hadde mamma ordinær heimesjukepleie. Tjue ulike personar var innom kvar veke. Kvar og ein av dei gjorde ein framifrå jobb. Men for ein som er i ferd med å mista seg sjølv, er det frustrerande og forvirrande å forhalda seg til så mange personar.

Demensteamet i Bjørnafjorden har gjort vegen tryggare for mamma

Mamma er dement. Ho mista seg sjølv. Gradvis.Det har teke tid. Mange år. I den tida har mamma ofte vore frustrert, ho har vore utrygg, deprimert og redd. Likevel har ho budd heime, heilt til no.

Bjørnafjorden kommune har nemleg eit kompetent spesialteam som har dagleg omsorg for demente som bur heime. Team 4 består av fagfolk med særleg interesse for og kunnskap om demens. Dei har ein turnus der få og faste personar har tilsyn med dei same pasientane året rundt. Det har vore bra for mamma. Ho har visst kven som kjem på tilsyn og kjent seg trygg på dei. Teamet fokuserer på det aller viktigaste i demensomsorg, nemleg å skapa relasjonar til den demente. Når hovudet koplar meir og meir av og den demente forstår mindre og mindre, koplar dei seg på det som er att og prøver å skapa relasjonar til henne. Med relasjonelle band har dei minska mamma sin frustrasjon og fortviling. Dei har gjort at mamma har vore trygg heime.

Før hadde mamma ordinær heimesjukepleie. Tjue ulike personar var innom kvar veke. Kvar og ein av dei gjorde ein framifrå jobb. Men for ein som er i ferd med å mista seg sjølv, er det frustrerande og forvirrande å halda seg til så mange personar. Eg vil hevda at Team 4 med den demensomsorga dei yter, sparar samfunnet for store summar. For kvart år ein ikkje må på sjukeheim, sparar kommunen over 1 million kroner. Eg er heilt viss på at Team 4 har utsett mamma sin sjukeheimsplass med fleire år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blir stadig fleire demente i Noreg. Utgiftene kjem til å auka. Mykje. På sikt vil det løna seg å satsa på slike team i demensomsorga. Å bu heime så lenge som mogleg, er viktig både for den enkelte det gjeld, og for samfunnet som heilskap. Eg meiner at Bjørnafjorden kommune kan marknadsføra og eksportera ordninga med demensteam i heimesjukepleien. Her kan andre kommunar læra av det Bjørnafjorden har fått til med enkle midlar.

Mot demens finst det ingen kur. Mamma kjem ikkje til å bli frisk, bare sjukare. Team 4 har gjort vegen tryggare for mamma. Det er eg svært takksam for!

Merethe Winsents Foer