Sterkt SV: Vegen til ei raudgrøn regjering går gjennom eit sterkt SV.

Det er no det gjeld!

Stem for klima og rettferd – stem SV.

I heile Hordaland er det ein kraftig protest mot aukande forskjellar og dårleg klimapolitikk. Dette valet står mellom framleis Høgre-styre og ei ny regjering med ny retning, for både miljø og rettferd. Ei sentrumsregjering med Sp og Ap åleine vil ikkje levera den forandringa som trengst.

Venstresida styrkjer seg over heile landet, noko som viser at folk vil ha nye raude og grøne løysningar. Samstundes ser me at vegen til ei raudgrøn regjering går gjennom eit sterkt SV. Berre nokre hundre stemmer manglar for at SV og Hordaland kan få fagforeiningsleiar Sara Bell inn på Stortinget. Det kan vera forskjellen på framleis høyrepolitikk for dei få eller ein solidarisk politikk for dei mange.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV er det beste valet for alle som vil kutta utslepp og gjera noko med forskjells-Noreg.

Me har ikkje ei einaste stemme å tapa i kampen for klima og rettferd. Stem SV.

Hege Bjørnør

Leder Bjørnafjorden SV