Ikkje store summar: Det er ikkje store summar det er snakk om, så dette burde la seg enkelt ordna dersom ein legg godviljen til.

Det har vore fagre ord, men ingen konkrete resultat

Eg er lei meg for at ordførar Trine Lindborg ikkje har fått statsråd Tonje Brenna (Ap) og regjeringa til å snu.

Eg er svært skuffa over Ap og Sp som i regjering har kutta 18% av støtta til Kongshaug Musikkgymnas på Lepsøy. Som eit resultat av kutt i støtta på 4,3 MNOK, må skulen snart nedbemannz om ikkje støtta kjem på plass igjen. Denne støtta sikrar til ein viss grad likebehandling med den offentlege skulen, men er no blitt fjerna for Kongshaug.

Kongshaug er ein viktig lokal arbeidsplass i Bjørnafjorden og eit viktig skuletilbod for ungdom både lokalt og i heile landet. I ei tid med pressa kommuneøkonomi er det viktig å oppretthalda og skapa nye arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom eg blir valt inn i kommunestyret, vil eg bruka all den innflytelsen KrF får, til å kjempa for og påverka beslutningstakarar slik at støtta til Kongshaug vert gjenoppretta. Ei stemme til KrF i valet er ei stemme til støtte for Kongshaug og arbeidsplassar i Bjørnafjorden.

Eg hadde nok forventa meir av ordførar Trine Lindborg (Ap) i denne saka. Det har vore fagre ord, men ingen konkrete resultat. Eg er lei meg for at Lindborg ikkje har fått statsråd Tonje Brenna (Ap) og regjeringa til å snu. Det er ikkje store summar det er snakk om, så dette burde la seg enkelt ordna dersom ein legg godviljen til.

Veljarane i Bjørnafjorden bør merka seg at Ap og Sp ikkje behandlar Kongshaug rettferdig og at deira lokale folkevalde ikkje klarer å påvirka sine partifeller i regjeringa.

Stem KrF inn i det nye kommunestyret og gje oss mandat til å kjempa for å gjenoppretta støtta til Kongshaug!

Jakob Enerhaug

1. kandidat

Bjørnafjorden KrF