Vil lytta: Eg håpar veljarane merkar seg dette og stemmer fram folkevalde som ynskjer å lytta meir til innbyggjarane enn til utbyggjarar.

Dette gav meg den største energiboosten eg har fått i mine åtte år som folkevald

Innbyggjarane må kjenna si besøkelsestid.

Saka om 'samarbeidsmøtet' i Kløvertun gav meg den største energiboosten eg har hatt i mine åtte år som folkevald i kommunen! Dette er eit godt døme på at «Ja-kommune» er eit særs relativt begrep.

Les også
— Arrogant å kalla det eit samarbeidsmøte når ingen av dei inviterte ønskjer bygging i det heile tatt

«Ja» til store utanybygds utbyggjarar er ofte samstundes «nei» til innbyggjarane i område der det vert søkt om store utbyggingsprosjekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg håpar veljarane merkar seg dette og stemmer fram folkevalde representantar og parti som ynskjer å lytta meir til innbyggjarane i ein krins enn til utbyggjarar utan tilknyting og forståing for å bevara dei gode verdiane som ligg i gode, veletablerte bygdelag.

Kva urbanisering og transformasjon til drabantby fører til, ser me i Loddefjord, Fyllingsdalen, Åsane og Fana.

Om me i Bjørnafjorden ynskjer noko betre, må innbyggjarane kjenna si besøkelsestid og stemma «riktig» ved lokalvalet i haust.

Bjørnafjorden har nok flinke entreprenørar og bygdeutviklarar som på nensamt vis kan utvikla bygda vår på begge sider av fjorden slik at Bjørnafjorden kan halda fram å vera den landlege perla den er.

All honnør til oppsittarane på Hauge som gav sterk og klar melding.

Godt val!

Harald Lekven, uavhengig