Positivt: Folk i bygda såg dette som svært positivt, og etter at området var kjøpt frå grunneigar som var svært velvillig til dette, vart område rydda for skog.

Dette området kjem alle innbyggjarane i kommunen til gode

Eg håpar ein viser vilje til å følgja opp tidlegare vedtak.

For nokre år sidan kom det melding frå Bergen og omland friluftsråd at dei i samarbeid med Bjørnafjorden kommune og Baldersheim bygdalag ville etablera eit friluftsområde i Steinavika på Baldersheim.

Les også
Løyvde to millionar til friområdet i 2020. No meiner kommunen prosjektet bør avsluttast

Folk i bygda såg dette som svært positivt, og etter at området var kjøpt frå grunneigar som var svært velvillig til dette, vart område rydda for skog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen løyvde to millionar til prosjektet og alt såg lyst ut.

Området ligg slik til at ein må nytta eksisterande veg som går ut til moloen fra båthamna. Dette er ca 20 meter med veg, men av grunneiger som eig dette område, var det ikkje vilje til å la bygdefolk bruka denne vegstubben til dette område.

Det har vore mange møte og anna dialog med grunneigar, men det er inga lysning på dette.

Kommunedirektøren føreslår at ein avsluttar saka på grunn av problem med adkomsten til området. Dette er for svakt av kommunen, viss dette blir resultatet.

Eg får skriva som det er omtalt i andre saker, at dette området kjem alle innbyggjarane i kommunen til gode. Her må kommunen gå inn og ekspropriera området slik at ein kjem igang med å opparbeida område til friluftsformål og kanskje få ro for dei som jobbar med eksisterande båthamn som ligg i område.

Eg håpar at ein ikkje følgjer kommunedirektøren sitt forslag, men viser vilje til å følgja opp tidlegare vedtak.

Sven Ole Tveit