Kunne vore i full sving: Tida er inne for å samla seg om Hordfast via Fusa og Tysnes. Hadde ein halde fast på dette alternativet som det var stor semje om fram til 2012, hadde vi ganske sikkert vore i full sving med realiseringa no.

Draumen som brast – planane om bru over Bjørnafjorden er venteleg snart historie

Dersom brutilhengjarane ikkje ser at saka går mot tap, og satsar på at det skal bli fleirtal i Stortinget for eit prosjekt som korkje folkevalde eller veljarar regionalt og lokalt ønskjer seg, kan det bli ytterlegare utsetjing med å realisera ferjefri E39 mellom Bergen og Stord.

Fram til 2012 var det semje om å realisera ferjefri E39 mellom Bergen og Stord via Fusa (indre trasé). I 2013 lanserte næringslivet i Sunnhordland ideen om bru mellom Reksteren og Røttingo. Forslaget fekk straks støtte frå Statens Vegvesen, Bergen Næringsråd, NHO og LO Hordaland samt partia Høgre og Framstegspartiet som no var komne til makta nasjonalt, var i fleirtal i Hordaland fylkeskommune og i lang tid hadde regjert i Os kommune.

I Os var meininga delt og nokre dagar før kommunestyret skulle uttala seg i saka, melde lokalavisa at eit fleirtal ville røysta mot bru over Bjørnafjorden og i staden velja indre trasé via Fusa. Frå dei ivrigaste brutilhengarane vart det i siste liten foreslått at kommunestyret skulle seia nei til bru til Søre Øyane og i staden forankra brua til Bjørnatrynet utanfor Halhjem. Dermed fekk dei utbrytarane i Frp og H (med unntak av ein modig maur) attende på geledd, og saman med et mindretal i Ap, vart det fleirtal i Os kommunestyre for ein variant av midtre trasé (til Bjørnatrynet) som ingen nokosinne har tatt på alvor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette har Hordfast over Bjørnafjorden møtt grønt lys i alle vegkryss. Os kommune, Hordaland fylkeskommune og regjeringa har samarbeidd godt med Statens Vegvesen (SVV) som har brukt 1,5 milliardar kroner til planlegging av eit prosjekt som no er kalkulert til 36 milliardar, - meir enn dobbelt så mykje som tenkt då midtre trasé fekk fleirtal.

Erna Solberg uttalte like før ho vart statsminister at bygging av bru over Bjørnafjorden kunne starta i 2018. Sjølv med full politisk støtte i dag, er det vanskeleg å tenkja seg at byggestart kunne finna stad før tidlegast i 2024.

Under heile prosessen har det vore sterk motstand mot bruplanane, men det politiske fleirtalet har aldri opna opp for dialog med brumotstandarane. Vi fekk stadig høyra at Hordfast over Bjørnafjorden var vedteke, og at brumotstandarane stod igjen på perrongen etter at toget var gått.

Det store omslaget

Siste år har mykje skjedd som no venteleg fører med seg at bruplanane over Bjørnafjorden må leggjast bort:

- Hordaland er slege saman med Sogn og Fjordane til Vestland fylke

-Os og Fusa er blitt til Bjørnafjorden kommune

- Etter kommunevalet sist haust er det eit fleirtal mot brua både i Vestland og Bjørnafjorden

- Bystyret i Bergen vil ikkje lenger gi prioritet til bru over Bjørnafjorden

Artikkelen held fram under annonsen.

- LO Hordaland har òg skifta standpunkt

- Ei meiningsmåling i samband med kommunevalet viste at det var eit klårt fleirtal mot Hordfast over Bjørnafjorden blant veljarane i kommunen vår

- Nivået på bompengekostnader synes for lengst å ha nådd eit metningspunkt

- Frp som har styrt Samferdsledepartementet samanhengande frå 2013 til tidleg i 2020, er no ute av regjeringa

- Det auka fokuset på miljøutfordringane stiller relevante spørsmål med om det kan vera rett å kalkulera med ei 3-4 dobling av biltrafikken mellom Os og Stord når ferjer er erstatta av bruer

Alt dette medfører at Hordfast over Bjørnafjorden no møter gult lys. Som kjent endrar trafikklyset normalt til rødt frå gult etter å vore på grønt lenge nok.

Nye kort er delt ut

Dei som har styrt Hordfast over Bjørnafjorden dei siste sju åra er no vist plass i baksetet. Andre politiske krefter har teke over styringa.

Rett nok er det Stortinget som etter innstilling frå regjeringa som endeleg skal avgjera om Hordfast skal byggast, og i så fall kor traseen skal gå. Det vil tidlegast kunna skje i neste stortingsperiode, og det er sjølvsagt usikkert korleis det politiske fleirtalet vert etter valet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein første indikasjon får vi når Nasjonal Transportplan (NPT) skal behandlast i Stortinget neste vår. Det er nesten utenkjeleg at Stortinget vil prioritera Hordfast over Bjørnafjorden når Vestland, Bergen og Bjørnafjorden meiner mange andre samferdsleprosjekt i regionen vår er meir nødvendige.

Dersom brutilhengjarane ikkje ser at saka går mot tap, og satsar på at det skal bli fleirtal i Stortinget for eit prosjekt som korkje folkevalde eller veljarar regionalt og lokalt ønskjer seg, kan det bli ytterlegare utsetjing med å realisere ferjefri E39 mellom Bergen og Stord.

Tida er inne for å samla seg om Hordfast via Fusa og Tysnes. Hadde ein halde fast på dette alternativet som det var stor semje om fram til 2012, hadde vi ganske sikkert vore i full sving med realiseringa no.

Egil Haugland

Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden